Hopp til hovedinnhold

 

Gynekologisk avdeling i Ålesund

Illustrasjon - Kvinneklinikken

 

Gynekologisk avdeling består av eit team av sjukepleierar, hjelpepleierar og legar som tek hand om og gir behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Vi utfører planlagte operasjonar og har eit breidt behandlingstilbod. Vi tar og imot pasientar som treng akutthjelp.

Kreftpasientar vert behandla i samråd med St.Olavs Hospital. Nokre pasientar får delar av  behandlinga der. Dei viktigaste behandlingsformane er operasjon, strålebehandling og cellegift. Vi har og eit tett samarbeid med stråleeininga ved Ålesund sjukehus

 

Gynekologisk sengepost er felles avdeling med Gynekologisk poliklinikk, Ortopeden 2 og Augeavdelinga. Fellesposten har tilsaman 14 heildøgnsplassar, derav 6 sengar til gynekologiske pasientar, 1 seng til augepasientar og 7 sengar til ortopediske pasientar. I tillegg har vi 4 sengeplassar til gynekologisk dagkirurgi.

Fellesrom i avdelinga

  • TV/Daglegstove
  • Samtalerom
  • Dusj

 

Gynekologisk avdeling daglegstove Utsikt frå daglegstova i gynekologisk avdeling
Daglegstova ved avdelinga   Utsikt frå daglegstova

      

 

Tilvisingsrutiner                                                                                                   

Pasientane vert tilvist Gynekologisk avdeling via fastlege eller spesialist. Hastegrad for svar på tilvisinga vert avgjort av lege ved Kvinneklinikken. Avdelinga tek imot pasientar til planlagt (elektiv) kirurgi og akutt behandling etter tilvising frå lege. Før planlagte operasjonar får pasienten snakke med sjukepleiar, lege og anestesipersonell. Type operasjon og forløp etter operasjonen er grunnlaget for liggetid i avdelinga.

 

Dei mest vanlege problemstillingane i avdelinga

  • Behandling av kreftsjukdom  i ulike fasar, frå utgreiing til kirurgisk inngrep og koordinering av cellegiftbehandling og/eller strålebehandling. Pasientar vert også innlagt i avdelinga ved tilbakefall av sjukdommen og ved behov for lindrande behandling.
  • Ulike komplikasjonar dei første 24 vekene av svangerskapet. Til dømes svangerskapskvalme, spontan abort, truande abort, provosert abort og komplikasjonar i samband med assistert befruktning. 
  • Ulike komplikasjonar etter fødsel
  • Utgreiing og behandling av blødningsforstyrringar
  • Underlivsinfeksjonar
  • Underlivssmerter
  • Operasjon grunna urinlekkasje
  • Operasjon grunna skjedeframfall og nedsunken livmor
  • Utgreiing av behandling av svulstar i bekkenet

Vi gir i tillegg tilbod om ulike typar dagbehandling - sjå Gynekologisk dagkirurgi

 

Andre vi har tett samarbeid med

 

Tilbod om overnatting

Det er mogleg for pårørande å bestille rom ved Åse hotell som ligg rett ved sjukehuset. I spesielle tilfelle kan det settast inn ekstra seng hos den sjuke i avdelinga.

 

Treng du meir informasjon anbefalar vi desse eksterne nettsidene

Amathea

Kreftforeningen

Montebello-senteret (landsdekkende rehabiliteringssenter)

Nettside for kvinner med underlivskreft

 

 

Tilbake til kortversjon

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 19.11.2008 10:29

Unni Arnestad

  Gynkreftforeningen, FGK

 

 

           Til forsiden

 

 

Lenke til prevensjon.net

 

 

Lenke til Amathea- veiledningstjeneste for gravide