
Føde- barselavdelinga har svangerskap, fødsel og barseltid som sitt ansvarsområde. Fødselshjelp omfattar både normale fødslar og fødslar som krev ekstra overvaking og akutt beredskap. Vi legg vekt på at fødselen skal foregå så naturleg som mogeleg. Ved innkomst vert det gjort ei individuell vurdering utifrå helse før/under svangerskapet og tidlegare fødsel. Det gir grunnlag for vidare oppfølging gjennom fødselen. Overflytting til barselavdelinga eller barselhotellet skjer få timar etter fødselen.
Fødeavdelinga, barselavdelinga og barselhotellet høyrer til same seksjon. Jordmødre, barnepleiarar og legar arbeidere tverrfagleg for å gi eit individuelt og tilrettelagt tilbod.
Barselopphaldet ved hotellet
Kvinner som har født normalt utan komplikasjonar før, under eller etter fødselen tilbringer barseltida på barselhotellet. Barnefar/partnar kan bu saman med deg mot ein eigendel. Det er ikkje anledning for søsken å overnatte.
Hotellromma er tilpassa deg og barnet ditt. Romma har dobbelseng, bad m/dusj, telefon, TV og stelleplass for barnet.
Barselhotellet er bemanna med jordmor og barnepleiar. Du får tilbod om ammeveiledning, veiledning i bad/stell av barnet, samtalar og veiledningstime med fysioterapeut.
Tilbake