Hopp til hovedinnhold

Føde-barselavdeling Volda

Illustrasjon - Kvinneklinikken

 

Føde- barselavdelinga har svangerskap, fødsel og barseltid som sitt ansvarsområde. Fødselshjelp omfattar både normale fødslar og fødslar som krev ekstra overvaking og akutt beredskap. Gravide og fødande vert selektert til Ålesund sjukehus etter gjeldande kriterier. Vi legg vekt på at fødselen skal foregå så naturleg som mogeleg. Ved innkomst vert det gjort ei individuell vurdering utifrå helse før/under svangerskapet og tidlegare fødsel. Det gir grunnlag for vidare oppfølging gjennom fødselen. Overflytting til barsel skjer få timar etter fødselen.

 

Fødeavdelinga, barselavdelinga og gynekologisk avdeling er felles sengepost. Jordmødre, barnepleiarar og legar arbeidere tverrfagleg for å gi eit individuelt og tilrettelagt tilbod. 

 

Les meir om føde-barselavdelinga

Nyttig informasjon

  • Kontakt oss i Volda

    Telefon:     symbol kontaktinformasjon

    Fødeavdeling / Barselavdeling: 70058361

    Svangerskapspoliklinikk: 70058263/70058361 

    Du kan nytte eigen mobiltelefon

     

    Lokalisering

    Du finn føde-barselavdelinga i  den vestlege enden av 3.etg. Avdelinga er to-delt der fødestovene ligg i eine delen og barselromma i den andre. Vaktrom er felles.

    Du kjem deg lettast til avdelinga frå hovudvestibyla i 1.etg.

     

    Bilde av hånd i håndBesøk

    Du kan fritt ta i mot besøk av barnefar/partner og barnets søsken under opphaldet. 

    Besteforeldre er velkomen i tida kl 18.00-19.00.

    Vi ber om at alle tar omsyn til besøksrutinane.

     

    Gravide som er inneliggande i avdelinga for observasjon/behandling, og gynekologiske pasientar, har anledning til å ta imot besøk

     

    Vaktskifte

    Kl. 07.15, 14.30 og 22.00
    Fødselslege har døgnkontinuerleg vaktberedskap, med heimevakt kveld/natt. 

     

    Måltid

    Frokost: Kl. 08.00-09.00

    Lunsj: Kl. 12.00-13.00

    Middag: Kl. 15.30-16.30
    Helg og helligdagar kl. 12.00-13.00

    Kvelds: Kl. 20.00
    Helg og helligdagar kl. 17.00

    Ved behov kan du få mat og drikke mellom måltida.

     

    Familierom

    Kostnad for far er kr. 250,- per døgn

     

     

Diagnosar

Undersøkingar

Oppfølging

Infobrosjyrer

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 17.12.2008 10:53

Elin Ytterbø

Lenke til nettstad for gravide

Helsedirektoratet si nettside for gravide

 

Lenke til Mor- barn venleg sjukehus

Nettside Mor-barn vennleg sjukehus

(Rikshospitalet)

 

Lenke til Ammehjelpen

Ammehjelpen si nettside

 

Lenke til Tvillingforeldreforeningen

Nettside Tvillingforeldreforeningen

 

 

 Lenke til Liv laga

Nettside Liv laga

 

 

Lenke til Nav

 

Nettside nav