
Gynekologisk dagkirurgi er lokalisert som ein del av gynekologisk avdeling 9. etg. i høgblokka. Her er tre sengeplassar til pasientar som skal til dagkirurgisk behandling grunna ulike gynekologiske lidingar / sjukdomar.
Du vert tilvist til Kvinneklinikken, gynekologisk dagkirurgi, via din fastlege /spesialist.
Hastegrad for svar på tilvising og evt. innlegging vert avgjort av lege ved Kvinneklinikken.
Dagpasientane som skal til operativt inngrep, møter fastande om morgonen og reiser heim i løpet av ettermiddagen / kvelden. Du må ha nokon hos deg første døgnet etter operasjonen.
Varigheit og grunnlag for sjukemelding er avhengig av kva operasjon / inngrep som er utført.
Meir om gynekologisk dagkirurgi