Hopp til hovedinnhold

Sjukeleg overvekt (adipositas)

OPPLÆRINGSPROGRAM

Opplæringsprogrammet tar utgangspunkt i at sjukeleg overvekt (adipositas) er ein kronisk sjukdom.

Livsstilsendring er nødvendig for å oppnå varig og god helsegevinst og betra livskvalitet.

 

FORKURS

Ved kirurgisk avdeling startar førebuinga til operasjonen med eit heildagskurs før inngrepet – forkurs. Her vil du møte alle som er involvert i fedmekirurgi teamet, og få svar på dei spørsmål du måtte ha. Du vil møte kirurg, anestesipersonale, operasjonspersonale, psykolog, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeut og sjukepleiar/koordinator.  I tillegg vil 2 tidlegare opererte vere til stades for å fortelje om sine erfaringar.

Denne dagen er det høve til – og ønskeleg at du har med ein av dine næraste pårørande.  Kurset er obligatorisk for å kunne gå vidare til operasjon.

 

OPPFØLGINGSKURS

Cirka 4 – 8 veker etter operasjonen, vil du bli innkalla til oppfølgingskurs.  Du vil da tilhøyre ei fast gruppe på 12-16 medlemmar. Gruppene består av både kvinner og menn.
Desse gruppene vert leia av sjukepleiar og klinisk ernæringsfysiolog, og vil heile vegen ha livsstilsendring som hovudfokus.
Gruppemøta vert sett på som ein viktig del av behandlinga, og har mykje å seie for det langsiktige resultatet.

Det er 12 kurs fordelt over 2 år – dvs eit møte kvar andre månad.
Møta har ulike tema frå gong til gong. Erfaringsutveksling og kunnskapsformidling er ein viktig del av desse møta. 

 

MURITUN

I tillegg er det også tilbod om et 14 dagars opphald ved Muritun i Valldal.  Livsstilsendring er også her hovudtema. Kosthald og ulike treningsformer utgjer dei daglige gjeremål, og du vil ha støtte og hjelp frå rehabiliteringssenterets fagpersonale. 
Opphaldet er meint som ein motivasjonsfaktor, samtidig som det vil gi deg høve til å bli kjent med nye treningsmåtar under rettleiing av kyndig personale.
 
Du vil bli sjukemeld i perioden du er ved Muritun og betalar ein eigenandel på 120,- pr døgn (pr 2008).

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 27.01.2009 08:53

Eva Beate Bjerke