Hopp til hovedinnhold

Kirurgisk poliklinikk - Ålesund

Illustrasjon - Kirurgisk avdeling

 

 

Nyttig informasjon

  • Telefon til Kirurgisk poliklinikk - ekspedisjon: 70 10 52 26

    Telefon ventelisteadministrator: 70 10 56 91/92

    Telefon stomisjukepleiar Mette E. Svinø: 70 10 52 54 (måndag og onsdag)

    Telefon uroterapeut Eija Emblem/Magnhild Hjelmeland: 70 10 52 44

    Opningstid måndag - fredag: kl 08.00 - 16.00

    Poliklinikken er stengd i helg og høgtider.

     

    Lokaliasjon:

    Poliklinikken ligg på nordsida av sjukehuset i 1. etasje. Den er merka med luke 4.

     

    Ein må henvende seg i luka både før og etter konsultasjonen.

     

    Betaling:

    Ein kan nytte bankkort eller få med seg giro. Det er ikkje høve til å betale med kontantar på sjølve poliklinikken, men det er mogeleg å betale med kontantar i informasjonen i hovudvestibyla.

     

    Litt om Kirurgisk poliklinikk:

    Poliklinikken tek i mot akutte skadar, pasientar som er tilvist frå fastlegen og pasientar som skal kontrollerast etter tidlegare inngrep eller anna behandling.

     

    Mette E. SvinoeStomisjukepleiar:

    Stomisjukepleiar har vidareutdanning innan sjukepleie til pasientar med ulike typar stomiar, reservoar, fistlar, dren, avføringsinkontinens/forstopping samt sårproblematikk knytta til desse pasientgruppene.

    Det vert gitt råd, rettleiing og psyskisk støtte i forhold til psykososiale og samlivsrelaterte problemstillingar. Pårørande, helsepersonell og andre kan få undervising og råd angåande stomiproblematikk. Pasientar med stomi får tilbod om oppfølging ved poliklinikken.

    Stoimisjukepleiar er også delaktig i prosessen for dei som er eller skal bli operert for sjukeleg overvekt.

     

     

     

     

    Uroterapeutar:

    Uroterapeutane Eija Emblem og Magnhild HjelmelandEin uroterapeut er ein spesialutdanna sjukepleiar. Desse har som oppgåve å kartlegge funksjonen/manglande funksjon av nedre urinvegar, planlegge og gjennomføre behandlingstiltak i samråd med spesialist (urolog).  Uroterapeut gir pasientar og pårørande råd, rettleiing og støtte ved til dømes vasslatingsproblem, inkontinens og ereksjonssvikt, og har oversikt over utvalet av hjelpemiddel til desse pasientane. Det vert tilbydd undervising og rettleiing av både pasientar, pårørande og helsepersonell i og utanfor sjukehuset, og eventuelt til skular og barnehagar.

     

Diagnosar

  • Sida er under utarbeiding.

     

    Kirurgiske diagnosar er mange og omfattande. Ein vil finne god og nyttig informasjon i pasienthandboka.

    www.pasienthandboka.no

     

Undersøkingar

  • Sida er under utarbeiding.

     

    Det vert gjort mange og ulike undersøkingar på kirurgisk poliklinikk. Meir utførleg informasjon finn ein i pasienthandboka.

    www.pasienthandboka.no

     

Behandlingar

  • Sida er under utarbeiding.

     

    Det vert gjort mange og ulike behandlingar på kirurgisk poliklinikk. Meir utførleg informasjon finn ein i pasienthandboka.

    www.pasienthandboka.no

     

Kurs

  • Lenke til kurs kir. 1 og kir. 2