Hopp til hovedinnhold

Kar/thorax sengepost - Ålesund

Illustrasjon - Kirurgisk avdeling

 

 

Nyttig informasjon

  • Velkomen til Kirurgisk sengepost 1.

    Sengeposten disponerer 19 sengeplassar fordelt på:
    Urinvegssjukdommar (urologi):                     7 senger
    Blodåre- og lungesjukdommar (kar/thorax):   6 senger
    Øyre/nase/hals: 4 senger + 2 dagkirurgiske senger

     

    Pleiepersonalet arbeider i tre mindre grupper. Dette vert gjort for at kvar pasient ikkje skal ha med for mange personar å gjere, og at oppfølginga vert god.
    Øyre/nase/hals avdelinga har sine inneliggande pasientar i kirurgisk avdeling, og det er kirurgisk sengepost 1 som har det sjukepleiefaglege ansvaret for desse pasientane.

     

    Lokalisasjon: 

    Sengeposten ligg i 3. etasje i høgblokka. Kirurgisk sengepost 1 er ein 5-døgns driven post, med aktivitetar frå måndag til fredag. Fredag kveld stenger kirurgisk sengepost 1 og personell og pasientar flyttar opp ei etasje til kirurgisk sengepost 2. Måndag morgon flyttar avdelinga tilbake til 3. etasje.

     

    Nyttig informasjon:
    Telefonen til avdelinga er 70 10 56 70.
    Ventelistekoordinator: 70 10 56 72.
    Avdelingssjukepleiar: Evy Anita Reiten, tlf: 70 10 56 72
    Seksjonsoverlege urologi: Valborg Anita Bakke.
    Seksjonsoverlege kar/thorax: Jan Andreas Weber Laumann.

    Seksjonsoverlege øyre/nase/hals: Odd Arvid Lange.

     

     

    Alle sengene har eigen telefon ved nattbordet. Frå desse telefonane er det gratis å ringe til alle fasttelefonar i landet. Vær venleg å informere dine næraste om telefonnummeret ditt. Pasienttelefonane er stengde mellom kl 21.00 og 07.30.
    Bruk av mobiltelefon er tillete enkelte stadar på sjukehuset.

     

    Visittid for besøkande:
    Frå 14.00 – 19.00. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet.

     

    Måltid:
    Frukost: kl 08.00
    Lunsj:    kl 12.00
    Middag: kl 16.00
    Kvelds:  kl 19.30

    Elles er det saft, vatn, isbitar, kaffi og te i korridoren. Dette kan ein sjølv forsyne seg av.

     

    Andre tilbod ved sjukehuset:

     

    Pasienthotell (Åse Hotell) :
    Det kan bli aktuelt med overnatting på pasienthotellet i samband med sjukehusopphald. Pårørande kan også overnatte på pasienthotellet dersom det er ønskeleg. 

     

    Transport:

    Busstopp like ved sjukehuset.

    Kontor for pasientreiser kan, om naudsynt, ordne med transport  til og frå sjukehuset. Telefon nr. 05515.

     

    Kiosk/kafeteria i hovudvestibyla
    Måndag – fredag: 09.00 – 19.30
    Laurdag:             10.00 – 18.00
    Søndag:              12.00 – 19.30
    Her kan ein kjøpe kort og frimerke. Postkassa er ved inngangen i hovudvestibyla. Den tømmast kvar dag kl 16.00.

     

    Apotek:
    På nordsida av sjukehuset i 1. etasje:
    Måndag – fredag:  kl 10.00 – 16.00
    Laurdag:              kl 09.00 – 13.00

     

    Pasientbibliotek:
    Biblioteket finn du i underetasja. Opningstid 09.00 – 15.30.

     

    Parkering:
    Parkering rundt sjukehuset er delt inn i soner. Det må betalast avgift ved parkering.

     

    Bank:
    Det er minibank i hovudvestibyla. Ein kan også betale med bankkort i kiosk, kantine, apotek og ved parkering.

     

    Kantine:
    Pårørande kan kjøpe seg middag/smørbrød i kantina i 1. etasje.
    Opningstid måndag – fredag 08.00 – 15.30.
    Frå 11.00 – 13.00 er kantina reservert for dei tilsette.

     

    Blomster:
    Pasientane må gjerne ta imot blomster, men personalet har dessverre ikkje resursar til å drive stell av desse. Blomstervasar finn ein ved pasientstova.

     

    Permisjonar:
    Dersom ein ønskjer å forlate avdelinga, må dette avtalast med personalet. Om det er ønskeleg, og behandlande lege tillet det, kan ein få permisjon over eit kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjon må ein dekke sjølv.

     

    Prest:
    Personalet kan formidle kontakt med sjukehuspresten dersom det er ønskeleg.

     

    Verdisaker:
    Sjukehuset har ikkje ansvar for pengar og verdisaker. Oppbevaringsboks og safe er tilgjengeleg på avdelinga.

     

    Røyking:
    Sjukehuset er røykfritt. 

     

Diagnosar

  • Seksjon for sjukdommar i nyre og urinvegar:

     

    Nyrestein (urolithiasis)

    Blod i urin (hematuri)

    Kreft i prostata (cancer prostata)

    Kreft i blære (cancer vesica)

    Kreft i nyre (cancer renis)

    Kreft i testikkel (cancer testis)

     

    Seksjon for sjukdommar i blodåre og lunge:

     

    Utposing på hovudpulsåra i magen (abdominalt aortaaneurisme)

    Nedsett blodsirkulasjon grunna åreforkalking, spesielt i føttene (arteriosklerose)

    Åreforkalking i den store halsarteria (carotisstenose)

    Åreknutar (varicer)

    Diverse arterielle sår

    Diverse sjukdommar i lunge

     

     

     

Undersøkingar

Behandlingar

  • Behandlingar

    • Innsetting av transplantat/graft i blodåre
    • Blokking av innsnevring (PTA)
    • Anlegging av shunt for dialyse (AV-fistel)
    • Opne arterie og fjerne åreforkalking (trombendarterectomi)
    • Anlegging av ny blodåre forbi innsnevring (femoropoliteal bypass)
    • Amputasjon
    • Fjerning av åreknute (varicekirurgi)
    • Behandling av arterielle sår

     

    Kirurgiske behandlingar er mange og omfattande. Ein vil finne god og nyttig informasjon i pasienthandboka.

    www.pasienthandboka.no