Velkomen til Kirurgisk sengepost 2.
Sengeposten disponerer 23 sengeplassar fordelt på desse seksjonane:
-Generell kirurgi
-Mage/tarm kirurgi (gastroenterologisk kirurgi)
-Bryst/endokrinkirurgi (mammae- og endokrinkirurgi)
Pleiepersonalet arbeider i tre mindre grupper. Dette vert gjort for at kvar pasient ikkje skal ha med for mange personar å gjere, og at oppfølginga vert god.
Lokalisasjon:
Sengeposten ligg i 4. etasje i høgblokka. Fredag kveld vert kirurgisk sengepost 1 og 2 slått saman til ein sengepost i 4. etasje.
Nyttig informasjon:
Telefonen til avdelinga er 70 10 57 60.
Ventelistekoordinator: 70 10 57 62.
Avdelingssjukepleiar: Inge Ødven, tlf: 70 10 57 62
Seksjonsoverlege generell og mage/tarmkirurgi: Gustav Robert Hareide.
Seksjonsoverlege bryst/endokrinkirurgi: Else Marie Opsahl.
Alle sengene har eigen telefon ved nattbordet. Frå desse telefonane er det gratis å ringe til alle fasttelefonar i landet. Vær venleg å informere dine næraste om telefonnummeret ditt. Pasienttelefonane er stengde mellom kl 21.00 og 07.30.
Bruk av mobiltelefon er tillete enkelte stadar på sjukehuset.
Visittid for besøkande:
Frå 14.00 – 19.00. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet.
Måltid:
Frukost: kl 08.00
Lunsj: kl 12.00
Middag: kl 15.30
Kvelds: kl 19.30
Elles er det saft, vatn, isbitar, kaffi og te i korridoren. Dette kan ein sjølv forsyne seg av.
Transport:
Busstopp like ved sjukehuset.
Kontor for pasientreiser kan, om naudsynt, ordne med transport til og frå sjukehuset. Telefon nr. 05515.
Andre tilbod ved sjukehuset:
Pasienthotell (Åse Hotell):
Det kan bli aktuelt med overnatting på pasienthotellet i samband med sjukehusopphald. Pårørande kan også overnatte på pasienthotellet dersom det er ønskeleg.
Kiosk/kafeteria i hovudvestibyla:
Måndag – fredag: 09.00 – 19.30
Laurdag: 10.00 – 18.00
Søndag: 12.00 – 19.30
Her kan ein kjøpe kort og frimerke. Postkassa er ved inngangen i hovudvestibyla. Den tømmast kvar dag kl 16.00.
Apotek:
På nordsida av sjukehuset i 1. etasje:
Måndag – fredag: kl 10.00 – 16.00
Laurdag: kl 09.00 – 13.00
Pasientbibliotek:
Biblioteket finn du i underetasja. Opningstid 09.00 – 15.30.
Parkering:
Parkering rundt sjukehuset er delt inn i soner. Det må betalast avgift ved parkering.
Bank:
Det er minibank i hovudvestibyla. Ein kan også betale med bankkort i kiosk, kantine, apotek og ved parkering.
Kantine:
Pårørande kan kjøpe seg middag/smørbrød i kantina i 1. etasje.
Opningstid måndag – fredag 08.00 – 15.30.
Frå 11.00 – 13.00 er kantina reservert for dei tilsette.
Blomster:
Pasientane må gjerne ta imot blomster, men personalet har dessverre ikkje resursar til å drive stell av desse. Blomstervasar finn ein ved pasientstova.
Permisjonar:
Dersom ein ønskjer å forlate avdelinga, må dette avtalast med personalet. Om det er ønskeleg, og behandlande lege tillet det, kan ein få permisjon over eit kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjon må ein dekke sjølv.
Prest:
Personalet kan formidle kontakt med sjukehuspresten dersom det er ønskeleg.
Verdisaker:
Sjukehuset har ikkje ansvar for pengar og verdisaker. Oppbevaringsboks og safe er tilgjengeleg på avdelinga.
Røyking:
Sjukehuset er røykfritt.