I samarbeid med bryst- og endokrinkirurgisk sengepost er det tilbod om samtalegrupper for dei som er operert for brystkreft. Ein sjukepleiar frå bryst- og endokrinkirurgisk sengepost, med vidareutdanning innan rettleiing, og ein kreftsjukepleiar frå bryst- og endokrinkirurgisk poliklinikk leier desse gruppene
Det vert arrangert om lag 4 grupper á 4 gruppemøter i året. Her får deltakarane høve til å møte andre brystkreftopererte samt representantar frå FBO (Forening for brystkreftopererte), bandagist, fysioterapeut og kirurg. Dette er eit tilbod som har eksistert i mange år. Opprinneleg var det Kreftforeningen som starta opp desse gruppene som no Helseforetaket har overteke ansvaret for. I følge evalueringar frå dei som hittil har delteke, har dette vore eit godt tilbod med tanke på bearbeiding, rehabilitering og vegen vidare framover etter ein brystkreftoperasjon.