Traumatisk hjerneskade.
Vi har fleire ulike opphold.
- Vurderingsopphald.
- Rehabiliteringsopphald.
- Kontrollopphald.
- Pasientar med traumatisk hjerneskade frå Helse Midt Norge skal ha et tilbod ved Munkvoll rehabiliteringssenter i Tromdheim og Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Sjukehuset i Ålesund.
Avd for fysikalsk medisin og rehabilitering har spesialisert seg på ABC metoden som tilnærming av pasienter med nedsett bevisstheit.
Vi arbeider tverrfagleg, pasienten blir kartlagt av dei ulike faggruppene og vi lagar ein individuell behandlingsplan som gjeld for alle behandlarar i teamet.
Fokuset er på å trene daglige aktivitetar (ADL – aktiviteter) innan ei normal døgnrytme og i ei bestemt ramme der aktivitet, stimuli, ro og kvile blir bestemt ut frå pasienten sine behov. Pårørande er viktige samarbeidspartnarar under innlegging og vi prøver i størst mogeleg grad å ta dei med i dette samarbeidet ut frå pasienten sin tilstand og pårørande sin situasjon.
Kommunen er også en viktig samarbeidspartner og vi tar tidleg kontakt med pasienten si heimkommune.
Spinalskader (ryggmargskader)
For spinalskadde har avdelinga tre ulike tilbod
- Sluttrehabilitering.
- Sekundær rehabilitering.
- Vurderingsopphald.
Nyskadde pasientar skal ha tilbod om primærrehabilitering i Spinalenheten ved St.Olav hospital i Trondheim.
Det er eit samarbeid mellom Spinalenheten og Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering som gjer at nokre pasienter også vil vere innskrivne på vår avdeling.
Vår avdeling har eit lavterskeltilbod; ei adresse pasientar kan vende seg til med problem relatert til spinalskaden, til dømes trykksår.
Beinamputasjonar
Treningsopphald:
Vi har spesialisert oss på tilpassing og opptrening etter beinamputasjonar og tar i mot pasientar frå Møre og Romsdal fylke.
Avdelinga har eit tett samarbeid med ortopedingeniør (OCH)
Multitaraume (-samansette, store skadar etter alvorlig ulykke)
Rehabiliteringsopphald:
Denne pasientgruppa har spesielle utfordringar knytta til behandlingstiltak som krev tett samarbeid med ulike spesialitetar.
Liggetida i sjukehus er ofte lang.
I vår avdeling legg vi til rette for at samarbeidet med andre spesialitetar som til dømes ortopedisk avdeling kan skje paralellt med opptrening, bearbeiding og meistring.
Postpolio (seinskade etter poliomyelitt)
Utreiingsopphald
Kartlegging av:
- lungefunksjon
- energiøkonomisering, balanse mellom kvile og aktivitet
- muskelstyrke
- behov for hjelpemidler
- meistringsmåtar og gamle levereglar vert utfordra
Critical illness syndrom (Tilstander etter alvorlig og langvarig sjukdom)
Vurdering- og rehabiliteringsopphald:
Vi kartlegg og vurderar, lagar behandlingsplan og evaluerer i samråd med pasienten. Behandlingstida er ulik frå pasient til pasient. Ofte er det også eit stort behov for å samarbeide med den spesialiteten pasienten kom frå.
Cerebral parese
Utgreiingsopphald:
Kartlegging av:
- spasmer
- smerter