Hopp til hovedinnhold

Hjerneskolen

Illustrasjon - Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering

 

Gruppebasert rehabilitering for personar med erverva hjerneskade

To vekers kurs - 4 dagar per veke, 10 deltakarar, samt to pårørandekveldar

Tilbodet er for personar som har fått ei skade i hjerna i voksen alder og som har følgeverkander som påverkara meistring av kvardagen. Føresetnad: At ein har levd med skada min. 11/2 år

Nyttig informasjon

  • Neste hjerneskole: 4-15. mai -09 i Ålesund (ingen ledige plasser)

    Hjerneskolen vil bli holdt på Jervellvillaen i Ålesund.

     

    Ny hjernskole i 2010. Dato ikkje bestemt, men vil bli i Ålesund.


     

    Lenke til brosjyre

     

Diagnosar

Behandlingar

  •  

    Tilbodet skal gi betre innsikt i eigen tilstand, og kva dette medfører for eigen situasjon. Du skal også få informasjon om kva som kan gjerast for å få ein betre kvardag, til dømes med kompanserande metodar og hjelpemidlar, tilpasningar av situasjonen osv.
    Vi legg opp til utveksling av erfaringar med andre som har liknande vanskar, og inspirere til å komme meir i gang med aktivitetar som kan gjere kvardagen betre.

     
    Hovedfokuset er dei funksjonsforandringane som gjerne følgjer etter ei erverva hjerneskade. Kognitive problem som  til dømes hukommelsesvanskar, konsentrasjonsvanskar, nedsatt effektivitet og kapasitet, redusert initiativ osv.
    En retter også søkelys på følelsesmessige reaksjonar og endringar i sosial deltaking  - noko mange opplever etter ei erverva hjerneskade.

    I løpet av kurset er det eit variert program med undervisning, praktiske øvingar, prosjektarbeid og gruppesamtalar. Det blir lagt stor vekt på eigenaktivitet.