Hopp til hovedinnhold

Barnepoliklinikken

Illustrasjon - Barneavdelinga

 

Barnepoliklinikken følgjer born i alderen 0–18 år med ulike sjukdommar. Vi har hovudsakleg ansvaret for born frå Sunnmøre, Vestnes og Rauma, men tek imot pasientar frå heile fylket når det er behov for det. For somme sjukdomskategoriar har vi fylkesfunksjon.

Aktiviteten har auka svært mykje dei siste åra, frå 4300 konsultasjonar i 2002 til xxxx  i 2010. Vi har elleve legekontor og fleire undersøkingsrom.

Les meir om barnepoliklinikken.

Nyttig informasjon

  • Kontaktinformasjon


    Telefon:                       70 16 75 50

    Telefaks:                      70 16 75 87

    Opningstid:       0800-1530 (onsdag til 1700)

     

    Lokalisering/parkering

    Barnepoliklinikken og dagbehandlinga i Ålesund held til i U-etasjen i Barne- og ungdomsavdelinga. Hovudinngangen er på sørsida av bygget, men de kan også nytte gangbrua som går frå 1. etasjen i hovedhuset.

    Poliklinikken i Volda er samlokalisert med medisinsk poliklinikk, 1. etasje, Volda sjukehus.

    De må betale avgift for å parkere ved Ålesund sjukehus. Sjå skiltinga.

     

    Lokale/fasilitetar        

    I inngangspartiet til Barne- og ungdomsavdelinga finn du ekspedisjonen med venterom. Der er det litt leiker, og det er mogleg å varme mat til borna. I tillegg kan de få kjøpe kaffi og te. På toalettet er det stellebord i tilknyting til ventearealet

    I lokala til Barnepolikinikken finn du legekontor og undersøkingsrom. På dagbehandlingsromet er det to sengeplassar, og der er det mogleg å sjå TV eller bruke internett etc.


    Dersom barnet og pårørende oppheld seg på dagbehandlinga i over 4 timar,  serverer vi ein lett lunsj til barnet og ein av dei pårørande om lag kl. 1130.


    Kantine/sal av mat       

    De kan kjøpe mat og drikke i huvudbygningen. Kaféteriaen i hovudvestibylen er open 0900-1930, kafèen ved poliklinikkgangen 0900-1500. I tillegg er personalkantina open 0800-1100 og 1300-1500 for pårørande og pasientar.

     

    Undersøkingar ved poliklinikken og dagbehandlinga

    På undersøkingsroma utfører vi ulike testar som til dømes lungefunksjonsmåling (spirometri), allergitesting (prikktest), aktivitetstesting med tredemølle, EKG, sveittetest og H2-pusteprøve (måler H2-gass i utandingslufta for å kartleggje bl.a. fruktosemalabsorpsjon og laktoseintoleranse). Sjå elles eige avsnitt om undersøkingar dersom de vil ha meir informasjon.
    På dagbehandlingsromet foregår infusjonar/transfusjonar samt sedering før undersøkingar som pH-måling, røntgen, ultralyd og andre prosedyrar som  krev berre kortvarig innlegging.

    Born som kjem til poliklinikken og dagbehandlinga, vert vegne og målte. Hugs å ta med helsekort til born under 6 år.

     

    Innkalling/frammøte

    Brev med innkalling vert sendt heim med barnet som adressat. Der står tid og stad for oppmøte. Ver vennleg og møt i tide. Dersom det er planlagt undersøking før legekontrollen, står dette spesifisert i innkallinga. I tillegg kan det også liggje ved informasjon om undersøkinga.

     

    Blodprøvetaking

    På Ålesund sjukehus tek vi blodprøver av born på laboratorie i U-etasjen på Barne- og ungdomsavdelinga. Ho er for tida open 0800-1000 og 1200-1400. Utanom desse tidene vert laboratoriet i 1 etasjen i hovudbygningen nytta.
    På Volda sjukehus: 1. etasje.

     

    Trygderettar og betaling

    Før heimreise vert besøket registrert, og de får eit reisebevis. Dette kan de nytte for å få refusjon av reisekostnadene.

     
    Born over 16 år betaler eigendel, sjå Nav.no.


    De kan betale på kortterminal i ekspedisjonen i U-etasjen, eller de får utlevert ein giro.
    Dersom barnet har frikort, må de hugse å ta det med.

    For meir informasjon om kva de har rett på når born under 18 år er sjuke, skadde eller funksjonshemma, sjå her.

     

    Opplæringstiltak

    Vi har dyktige sjukepleiarar med ulike spesialfelt. Fleire dagar årleg arrangerer vi kurs om eksem, astma og allergi. Dette er eit tilbod til foreldre/pårørande og tilsette i skule og barnehage. Dei som ønskjer å delta, vert sette på venteliste og innkalla etter kvart. Vi skipar også til gruppeundervisning/samlingar for andre pasientgrupper som diabetikarar, born med cøliaki, hjartesjuke, eks-premature og born og ungdom med cystisk fibrose.

     

     

Diagnosar

  • Utgreiing og behandling av pasientar skjer i dag i stadig større grad gjennom poliklinisk verksemd. Ved barnepoliklinikken følgjer vi i utgangspunktet pasientar med dei fleste problemstillingar og diagnosar, i enkelte tilfelle i samarbeid med andre avdelingar/sjukehus.

     

    Vi mottek tilvisingar både fra allmennlegar og sjukehuslegar. Ved samansette problemstillingar med behov for tverrfagleg tilnærming, vurderer vi ofte pasientane ved barnehabiliteringa.

     

    Avhengig av sjukehistorie, symptom, klinisk undersøking og mistenkt diagnose, kan ei rad supplerande undersøkingar vere aktuelle. Sjå ”undersøkingar” dersom de vil ha grundigare informasjon om desse.

     

    Hovudtyngda av pasientane er innan kategoriane astma og allergi, hjartelidingar, kreft, endokrine sjukdommar, mage-tarm-sjukdommar, urinvegslidingar, revmatiske sjukdommar, nyføddmedisin og infeksjonssjukdommar. Tilstandane kan vere medfødde eller erverva.

    Les meir om astma og allergi.

     

    For nærare omtale av dei enkelte diagnosane, sjå Rikshospitalet eller Pasienthandboka

     

Undersøkingar

Behandlingar

  • Avhengig av diagnose vert det gitt behandling i henhald til nasjonale og internasjonale anbefalingar og retningsliner. Sjå omtale under kvar enkelt diagnose hos Rikshospitalet eller i Pasienthandboka for detaljar.

     

     

    Fleire pasientgrupper får særskild oppfølgjing hos oss. Eksemplar på dette er:

     

    - Allergivaksinasjon av barn med uttalt allergi mot blant anna gras og bjørk. Behandlinga består av injeksjonar med aukande dosar av det som pasienten er allergisk mot. Tanken er å redusere kjensla for det aktuelle allergenet. Etter eit års behandling, kan det vere aktuelt å videreføre behandlinga hos fastlege.

     

    - Administrering av cellegift og anna medikamentell behandling til born med kreft. Detaljane i behandlinga vert bestemt av spesialistar ved universitetssjukehusa. Barnepoliklinikken følgjer individuelle behandlingsprotokollar for den einskilde pasient.

     

    - Opplæring av pasient og pårørande. Vi har dyktige sjukepleiarar med ulike spesialfelt. Fleire gonger årleg vert det arrangert temadagar innan mellom anna astma og allergi. Her får både pasientar og pårørande tilbod. Det er også gruppeundervisning/samlingar for andre pasientgrupper som diabetikare, barn med cøliaki, hjartesjuke, eks-premature og born/ungdom med cystisk fibrose.

     

Kurs

  • 08.05.2011

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13