Generelt
Neonatal intensiv er barne- og ungdomsavdelinga sin seksjon for sjuke nyfødde og premature born (born som er fødde for tidleg). Seksjonen ligg i 1. etasje, og vi har eiga inngangsdør mot sør med god skilting utanfor.
Vi har 14 sengeplassar, av desse er fire til svært sjuke born. Vi tek imot sjuke nyfødde og premature born frå heile fylket, og born frå Kristiansund, Molde og Volda som treng spesiell behandling og pleie, kjem også til oss i Ålesund.
Det er årleg om lag 3000 fødslar som soknar til seksjonen vår. Det arbeider til vanleg 58 sjukepleiarar i seksjonen, mange med spesialutdanning. Vi har 3 neonatologar (spesialutdanna nyfødd-barnelegar) og fleire assistentlegar. Det er også ein sosionom knytt til barneavdelinga.
Kontakt og transport
Telefonnummeret til seksjonen er 70167600.
Foreldre kan parkere i parkeringssone 2. De får mellombels parkeringsbevis på neonatalseksjonen. Bussen stansar på busstoppet på austsida av sjukehuset.
Tilbod til og rettar for foreldre
Ifølgje forskrifta om born på sjukehus, skal ein av foreldra få tilbod om overnatting, helst i nærleiken av barnet.
Vi disponerer for tida tre 3-sengsrom pluss eitt familierom i 6. etasje i høgblokka på sjukehuset. Desse er primært tiltenkte mor, men i nokre tilfelle kan far eller sysken også få sove her.
Minst ein av foreldra har rett på mat under opphaldet. Neonatal intensiv har ein buffet der ein kan forsyne seg av tørrmat. Lunsj og middag vert tinga opp til seksjonen.
De finn meir informasjon om rettar i brosjyren Velkommen til neonatal intensiv
Der finn de også informasjon om rettar i samband med fødselspermisjon, om pleiepenger, reiseutgifter m.m.
Sosionomen vår har god kunnskap om foreldra sine rettar, og de kan gjere spesiell avtale med henne dersom de kjenner behov for det. Ho har òg laga eit hefte med informasjon om kva de har rett på ved sjukdom, skade eller funksjonshemming hos barn under 18 år.
- Kva har de rett på?
Besøk
Foreldra kan vere i seksjonen når dei ønskjer det. Sysken og besteforeldre kan også besøkje familien etter avtale med foreldra og/eller personalet, men alle som kjem inn i seksjonen må vere friske. Andre familiemedlemmer og venner må vente til eit seinare tidspunkt etter avtale med familien og/eller/personalet.
Det er ønskjeleg med så lite støy som mogleg i seksjonen. Difor set vi ei grense på tre besøkjande inne hos barnet om gongen.
Vi har fire rom for foreldre og born i seksjonen. Dette er rom der foreldra bur saman med barnet sitt. Foreldra har då tilsynet med barnet heile døgnet, men pleiarane er alltid tilgjengelege.
Vi har eit opphaldsrom for foreldra der de også kan ete. Her har vi også TV. På grunn av smittefaren er det ikkje lov å ta imot besøkjande i dette rommet, særleg fordi smittefaren aukar di fleire det er i romet samstundes. Barnet kan få ta imot gjester på romet sitt etter avtale med foreldra og/eller personalet.
Bruk av mobiltelefon:
Det er ulovleg å bruke mobiltelefon i neonatal intensiv seksjonen. (Flymodus er heller ikkje tillate). Grunnen er at signala kan påverke det medisinsktekniske utstyret. På opphaldsromet til foreldra, i dei fire foreldre/born-soveromma og på gangen utanfor avdelinga kan mobilen vere på.
Behandlingsfilosofi i avdelinga
Når de er innlagde i seksjonen, vil alle ha ein kontaktsjukepleiar med hovudansvaret for barnet. Under opphaldet vil de som foreldre ha samtalar med lege og sjukepleiar samt sosionom når det trengst.
Seksjonen vert driven etter NIDCAP- metoden. Det tyder ”Utviklingstilpassa neonatalomsorg” og er ein metode som skal hjelpe oss å forstå kvart barn sine individuelle behov betre. Ved å observere og tolke barnet si åtferd, kan vi tilpasse og skape eit mjukare miljø for det for tidleg fødde barnet. NIDCAP-metoden kan ikkje erstatte den medisinske og tekniske omsorga, men han utfyller henne og kan auke effekten av medisinske tiltak.
De som foreldre er ein viktig ressurs for barnet frå første stund, og vi rår til at de ”sit kenguru” med barnet. Det vil seie at ein av foreldra - eller andre omsorgspersonar - kan ha barnet liggjande på brystkassa så mykje som mogleg.
De finn meir informasjon om NIDCAP og Kenguru i brosjyren ”Velkommen til Neonatal intensiv”