Hopp til hovedinnhold

Obduksjon

Illustrasjon - avdeling for patologi

 

Ved obduksjon (autopsi) undersøkes døde. Etter grundig gjennomgang av kliniske opplysningar og mikroskopisk vurdering av vev frå ulike organ ønskjer ein å fastslå dødsårsaken, kva sjukdommar avdøde leid av, sjukdommane sin verknad på avdøde si helse og vurdere effekt av eventuell behandling.

 

Obduksjonar er ei viktig kvalitetssikring av helsevesenet sin diagnostikk og behandling. Ein kan av og til avdekke feilbehandling og sjukdommar ein ikkje visste at pasienten leid av. Obduksjon er også viktig i forhold til nasjonale statistikkar over dødsårsaker.

Nyttig informasjon

  • Rettslege obduksjonar rekvirerast av politiet i samband med ”unaturlege dødsfall”. I tillegg til obduksjon blir det rutinemessig tatt urin- og blodprøve til toksikologisk analyse.
    Rettslege obduksjonar dannar ofte eit viktig grunnlag for tiltalen i straffesaker. For å få svar på rettsleg obduksjon kontakter ein politiet.

    Ikkje-rettslege obduksjonar rekvirerast av lege. Pårørande må gje sitt samtykke til obduksjon. Svar på denne får ein ved å kontakte behandlande lege.

    Etter oppdrag frå gravferdsbyrå har avdeling for patologi ansvar for stell av døde og nedlegging i kister av dei som dør på Ålesund sjukehus,