
Ved immunhistokjemiske teknikkar nyttar ein kjende antistoff til å gjere immunologiske undersøkingar av ulike celle- og vevskomponentar.
Denne typen analyser nyttast i stor skala hos oss, og blir stadig viktigare ettersom nye behandlingsmåtar kjem til, og krav til dokumentasjon aukar.
Vi har omlag 250 ulike antistoff og i 2008 vart det utført 14.700 enkeltanalyser.
Vi har også tatt i bruk genteknologiske analyser til diagnostikk. Dette vil bli eit godt hjelpemiddel i tida som kjem.