Hopp til hovedinnhold

Histologi

Illustrasjon - avdeling for patologi

 

Dei histologiske prøvenene (biopsiane) er små eller store vevsbitar, det kan også vere heile organ, som fjernast ved mistanke om sjukdom i vevet. Prøvematerialet blir etter fiksering, nøyaktig makroskopisk vurdering og kjemisk preparering skore i tynne skiver og lagt på objektglas. Vevet blir farga med ulike fargestoff, slik at struktur og enkeltceller kan bli studert i mikroskop. Ei diagnose blir stilt på bakgrunn av kliniske opplysningar og nøyaktig makroskopisk og mikroskopisk vurdering. 

 

Vi har årleg mellom 150 og 200 frysesnitt på vev frå pasientar mens operasjonen er i gang. Dette tilbodet er til stor hjelp for kirurgen, då ho/han kan få ei førebels diagnose under operasjonen.
På grunn av mammografiscreening har dette talet stege dei siste åra.

 

Informasjon til pasienten

  • Når det gjeld prøvesvar ber vi pasienten ta kontakt med primærlegen sin. Vi sender prøvesvaret dit, då det er primærlegen som har ansvar for vidare oppfølging av pasienten

     

Informasjon til rekvirenten

  • Rekvisisjonar og materiale til forsendelse av prøver får de ved å bestille fra sentrallageret på sjukehuset i Ålesund, blankettnr. 1004/tlf. nr 70105004.

     

    Fiksering av vev skjer som regel i 4 % buffra formaldehyd. Bruk rikeleg mengde fikseringsvæske og stort nok prøveglas, slik at væska omsluttar vevet heilt.

     

    Rekvisisjonen må fyllast ut med svart tusj eller kraftig svart blekk på skrivaren. Hugs relevante kliniske opplysningar.

     

Undersøkingar

  • Avdelinga utfører ei rekke spesialundersøkingar for å dokumentere diagnosen.

    Vi nyttar så vel histologiske teknikkar som immunologiske og gentekniske teknikkar.

     

    Lenke til side om immunhistokjemi

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 12.12.2008 13:49 Oppdatert:

Histologisk lab.  

Christin på makro.