Hopp til hovedinnhold

Cytologi

Illustrasjon - avdeling for patologi

 

Ordet cytologi tyder læra om cellene.

Ved cytologisk diagnostikk analyserer vi prøver med celler frå pasienten. Dei er hausta enten ved å skrape på ei slimhinne med spatel/børste, sugd ut med ei tynn nål eller samla opp i vevsvæske. Vi stryker prøvematerialet ut på eit objektglas,  fikserer det  og farger cellene med ulike fargestoff. Prøvematerialet blir vurdert mikroskopisk med omsyn til celleforandringar. Dei fleste cytologiske prøvane kjem frå livmorhals, urin, bryst, thyroidea, pleura og ascites. 

 

Årleg undersøker vi ca. 14.000 cytologi-prøver. Ca 11.000 av desse er celleprøver tatt frå livmorhals hos kvinner i regi av Masseundersøkinga mot livmorhalskreft. Vi utfører også testing på HPV-virus, då enkelte undergrupper av dette viruset er årsak til utvikling av livmorhalskreft. Analysen blir gjort etter tilråding frå patolog. Grunnlaget for ei evt. tilråding er vurdering av celleprøve frå livmorhals.

Informasjon til pasienten

  • Når det gjeld prøvesvar ber vi pasienten ta kontakt med primærlegen sin. Vi sender prøvesvaret dit, då det er primærlegen som har ansvar for vidare oppfølging av pasienten

     

Informasjon til rekvirenten

  • Rekvisisjonar og materiale til forsendelse av prøver får de ved å bestille fra sentrallageret på sjukehuset i Ålesund, blankettnr. 1004/tlf. nr 70105004.

    Rekvisita til HPV-undersøkelse fås ved å kontakte Norchip, tlf 40403481

     

    Rekvisisjonen må fyllast ut med svart tusj eller kraftig svart blekk på skrivaren. Hugs relevante kliniske opplysningar

     

    Retningsliner for cytologisk prøvetaking

    Link til kreftregisteret sin kvalitetsmanual.  (Kap 5: prøvetaking av livmorhalsprøver)

     

     

Undersøkingar

  • Avdelinga utfører ei rekke spesialundersøkingar for å dokumentere diagnosen.

    Vi nyttar så vel cytokjemiske teknikkar som immunologiske og genetiske teknikkar.

    Lenke til side om immunhistokjemi