Hopp til hovedinnhold

ØNH-sengepost Ålesund

Illustrasjon Øyre- nase- halsavdelinga

 

ØNH har 6 senger i felles Kirurgisk Sengepost (Kir1) som totalt har 24 senger. Der har vi i tillegg 2 senger til dagkirurgiske pasientar. Pasientar som utgreiast for søvnapnè overnattar på pasienthotellet.

Nyttig informasjon

  • Sengeposten disponerer 19 sengeplassar fordelt på:
    Urinvegssjukdommar (urologi):                    7 senger
    Blodåre- og lungesjukdommar (kar/thorax):  6 senger
    Øyre/nase/hals: 4 senger + 2 dagkirurgiske senger
     
    Pleiepersonalet arbeider i tre mindre grupper. Dette vert gjort for at kvar pasient ikkje skal ha med for mange personar å gjere, og at oppfølginga vert god.
    Øyre/nase/hals avdelinga har sine inneliggande pasientar i Kirurgisk avdeling, og det er Kirurgisk sengepost 1 som har det sjukepleiefaglege ansvaret for desse pasientane.
     
    Lokalisasjon:
    Sengeposten ligg i 3. etasje i høgblokka. Kirurgisk sengepost 1 er ein 5-døgns driven post, med aktivitetar frå måndag til fredag. Fredag kveld stenger Kirurgisk sengepost 1 og personell og pasientar flyttar opp ei etasje til Kirurgisk sengepost 2. Måndag morgon flyttar avdelinga tilbake til 3. etasje.
     
    Nyttig informasjon:
    Telefonen til avdelinga er 70 10 56 70.
    Ventelistekoordinator: 70 10 58 32.
    Avdelingssjukepleiar: Evy Reiten, tlf: 70 10 56 72
    Seksjonsoverlege øyre/nase/hals: Odd Arvid Lange.
     
     
    Alle sengene har eigen telefon ved nattbordet. Frå desse telefonane er det gratis å ringe til alle fasttelefonar i landet. Vær venleg å informere dine næraste om telefonnummeret ditt. Pasienttelefonane er stengde mellom kl 21.00 og 07.30.
    Bruk av mobiltelefon er tillete enkelte stadar på sjukehuset.
     
    Visittid for besøkande:
    Frå 14.00 – 19.00. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet.
     
    Måltid:

    Frukost: kl 08.00
    Lunsj:  kl 12.00
    Middag: kl 16.00
    Kvelds: kl 19.30
    Elles er det saft, vatn, isbitar, kaffi og te i korridoren. Dette kan ein sjølv forsyne seg av.
     
    Andre tilbod ved sjukehuset:
     
    Pasienthotell (Åse Hotell) :
    Det kan bli aktuelt med overnatting på pasienthotellet i samband med sjukehusopphald. Pårørande kan også overnatte på pasienthotellet dersom det er ønskeleg.  (lenke til  hotellet)
     
    Transport:
    Busstopp like ved sjukehuset.
    Kontor for pasientreiser kan, om naudsynt, ordne med transport  til og frå sjukehuset. Telefon nr. 05515. (lenke).
     
    Kiosk/kafeteria i hovudvestibyla
    Måndag – fredag: 09.00 – 19.30
    Laurdag:             10.00 – 18.00
    Søndag:              12.00 – 19.30
    Her kan ein kjøpe kort og frimerke. Postkassa er ved inngangen i hovudvestibyla. Den tømmast kvar dag kl 16.00.
     
    Apotek:
    På nordsida av sjukehuset i 1. etasje:
    Måndag – fredag:  kl 10.00 – 16.00
    Laurdag:              kl 09.00 – 13.00
     
    Pasientbibliotek:
    Biblioteket finn du i underetasja. Opningstid 09.00 – 15.30.
     
    Parkering:
    Parkering rundt sjukehuset er delt inn i soner. Det må betalast avgift ved parkering.
     
    Bank:
    Ein kan betale med bankkort i kiosk, kantine, apotek og ved parkering.
     
    Kantine:
    Pårørande kan kjøpe seg middag/smørbrød i kantina i 1. etasje.
    Opningstid måndag – fredag 08.00 – 15.30.
    Frå 11.00 – 13.00 er kantina reservert for dei tilsette.
     
    Blomster:
    Pasientane må gjerne ta imot blomster, men personalet har dessverre ikkje resursar til å drive stell av desse. Blomstervasar finn ein ved pasientstova.
     
    Permisjonar:
    Dersom ein ønskjer å forlate avdelinga, må dette avtalast med personalet. Om det er ønskeleg, og behandlande lege tillet det, kan ein få permisjon over eit kortare tidsrom. Transportutgifter i samband med permisjon må ein dekke sjølv.
     
    Prest:
    Personalet kan formidle kontakt med sjukehuspresten dersom det er ønskeleg.
     
    Verdisaker:
    Sjukehuset har ikkje ansvar for pengar og verdisaker. Oppbevaringsboks og safe er tilgjengeleg på avdelinga.
     
    Røyking:
    Sjukehuset er røykfritt. 

     

Diagnosar

Undersøkingar

Behandlingar

  • Operasjonar innlagde pasientar:

    Fjerne halsmandlar Toncillectomi
    Rette opp skeiv naseskillevegg Septumplastikk
    Snorkeoperasjon UPPP
    Rette opp ytre nase Rhinoplastikk
    Svulstar på halsen Tumor colli
    Fjerne spyttkjertlar Parotidektomi
    Korreksjon av utståande øyrer Aures alatae
    Biholekirurgi
    Endoskopisk biholekirurgi FESS
    Klipping av nasemuslingar Conchotomi
    Avansert øyrekirurgi  Tympanoplastikk  og Myringoplastikk 

    Sida er under utarbeiding

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13