Lokalisering
Augeavdelinga ligg i 9. etasje, og er felles sengepost med Gynekologisk avdeling og Ortopeden 2.
Dette bør du ha med deg:
Tannbørste, tøfler og eit klesbyte.
Bruker du medisin, er det fint om du tek med ei liste over dei medikamenta du nyttar.
Telefon
Alle sengene har eigen telefon ved nattbordet. Du kan ringje ved å nytte telekort. Det får du kjøpe i kiosken. Gjer vel og informer dine næraste om telefonnummeret.
Pasienttelefonane er stengde for inngåande samtalar mellom kl. 12.30 og 14.30 (kviletid), og mellom kl. 21.00 og 07.30.
Visittid for besøkjande
Frå kl. 14.00 til 15.00 og kl. 18.30 til 19.30.
Besøk utanom desse tidene må du avtale med personalet.
Måltid
Frukost: kl. 08.00 - 08.30
Lunsj: kl. 12.00
Middag: kl. 16.00
Kvelds: kl. 19.30
Elles er det saft, vatn, isbitar, kaffi og te nedst i korridoren mot pasientstova. Dette kan du som pasient forsyne deg av slik du sjølv ønskjer.
Andre tilbod ved sjukehuset
Kiosk/kaféteria i hovudvestibylen
Måndag - fredag: 09.00 - 19.30
Laurdag: 10.00 - 18.00
Søndag: 12.00 - 19.30
Der kan du kjøpe kort og frimerke. Postkassa finn du ved inngangen til vestibylen. Ho vert tømd kvar dag kl. 16.00.
Apotek
På nordsida av sjukehuset i 1. etasje.
Måndag - fredag: 10.00 - 16.00
Laurdag: 09.00 - 13.00
Pasientbibliotek
Bibliotek finn du i underetasjen
Ope måndag - fredag: 08.00 - 15.30
Parkering
Parkering rundt sjukehuset er delt inn i soner. Du må betale parkeringsavgift.
Bank
Det er minibank i hovudvestibylen. Ein kan også betale med bankkort i kiosk, kantine og apotek.
Kantine
Pårørande kan kjøpe seg middag og smørbrød i kantina i 1. etasje.
Open måndag - fredag kl. 08.00 - 15.30.
Frå 11.00 til 13.00 er kantina berre for dei tilsette.
Blomar
Pasientane må gjerne ta mot blomar, men personalet har dessverre ikkje tid til å stelle dei. Det må du eller pårørande gjere. Blomstervase finn du ved pasientstova.
Permisjonar
Dersom du forlet avdelinga, må du på førehand avtale det med pleiepersonalet. Dersom du ønskjer det, og dersom behandlande lege tillet det, kan du få permisjonar over kortare tidsrom. Transportutgifter under permisjonar må du dekkje sjølv.
Prest
Dersom du ønskjer kontakt med sjukehuspresten for samtale, formidlar pleiepersonalet dette. I Søndagsbrevet, som vert delt ut saman med frukosten kvar søndag, finn du meir informasjon.
Verdisaker
Sjukehuset har ikkje ansvar for pengar og verdisaker du har med. Vi oppfordrer deg derfor til ikkje å ha pengar eller andre verdisaker i vesker eller nattbordet.
Røyking
Sjukekehuset skal vere røykfritt. Det er derfor ikke tillate å røykje inne. Det er heller ikkje lov å nyte eller oppbevare alkohol eller andre rusmiddel medan du er på sjukehuset.