Hopp til hovedinnhold

Synsfelt undersøking ( autoperimetri og Goldman)

Dette er oftast ei undersøking som vert teken før du skal inn til legeundersøking.

Vi gjer henne for å teste synsfeltet ditt. Vi nyttar oftast to testar. I dei fleste tilfelle bruker vi autoperimetri, av og til  Goldmans undersøking.

Du sit med eit apparat framfor deg, og du skal fokusere på eitt punkt, og gi signal kvar gong du ser lys utanfor punktet.

Undersøkinga varer sirka 20 minutt.

Legen vurderer resultatet straks, og du får vite det like etterpå.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 16.12.2008 10:03