Ortoptisten samarbeider med augelegen om behandlinga. Augelegen undersøkjer om det ligg føre augesjukdom og/eller brytingsfeil (om pasienten er nærsynt, langsynt eller har skeive hornhinner). Ortoptisten undersøkjer synsstyrke, skjegling og sjansane for samsyn.
Det er vanskeleg å måle synsstyrken på små born. Frå borna er 2 år og eldre, kan vi undersøkje dei med synstavle. Hos yngre born må vi observere korleis dei bruker synet. Dersom det ligg føre ein brytingsfeil, må pasienten ha briller, og dei skal ho/han vanlegvis bruke heile tida
Det finst mange forkjellige typar skjegling, og difor også fleire behandlingsformer.
Pleoptikk: Behandling av nedsett syn (amblyopi). Det vanlegaste er lappbehandling av det gode auget for å stimulere det svake auget.
Ortoptikk: Samsynsbehandling ved hjelp av prisme, briller og øvingar.
I visse tilfelle kan det bli nødvendig med ein eller fleire operasjonar der vi anten svekkjer eller styrkjer effekten av ein eller fleire av dei ytre augemusklane. Etter operasjonen er det viktig med oppfølging av behandlinga og regelmessige kontrollar. Tilbakefall til gammal skjeglevinkel og synsstyrke er mogleg opp til 10-12 års alder.
Mål:
- Oppdage skjegling og nedsett syn tidleg
- Behandling av nedsett syn
- Betre samsyn
- Betre skjeglestilling
Lappbehandling:
Lappbehandling skal som regel føregå med klistrelapp rett på huda, og eventuelt briller utanpå. Målet med lappebehandlinga er først og fremst å stimulere synsutviklinga. Ho fører også til at auget trenar opp evna til å røre seg.
Synsutviklinga pågår frå fødselen til 6-8 års alder. Det er difor viktig at behandlinga starter så tidleg som mogleg for at god synsstyrke skal utvikle seg.
Kor lenge lappen skal brukast per dag, er avhengig av fleire faktorar: - synsstyrke, alder, strengt einsidig skjegling, andre tilleggshandikap osv.
Ved kvart besøk hjå ortoptisten vurderer vi behandlinga.
Briller:
Dersom det føreligg ein brytingsfeil, må pasienten ha briller. Det vanlege er at pasienten skal bruke desse alltid. Det er eit viktig verkemiddel i behandlinga av nedstt syn og skjegling å bruke briller for å korrigere brytingsfeil.
Ved lappbehandling skal ei brille som regel brukast samtidig med lappen. Lappen ligg rett på huda, og brilla utanpå. Briller kan ha positiv effekt på graden av skjegling.