Prosessen med å greie ut augeplager er slik: - vi klarlegg sjukehistoria - deretter kroppsundersøking, laboratorieundersøking og biletdiagnostikk.
Sjukehistoria får augelegen kjennskap til i eit intervju med deg. Det overordna målet for legen er å få ei klar framstilling av symptoma, og korleis dei har utvikla seg over tid. Typiske symptom kan vere smerte, raude auge, tåreflod, nedsett syn, skjegling eller dobbeltsyn.
Legen vil i løpe av samtalen spørje deg om når plagene starta - korleis plagene artar seg - kva gjer plagene verre - kva lindrar dei - korleis forma di er - tidlegare sjukdommar - har du prøvd medisin, og korleis verka han - korleis fungerer du på skule/arbeid. I tillegg kan du få meir detaljerte spørsmål.
Tenk gjennom desse spørsmåla før du møter legen. Det kan gjere det lettare for deg å svare på spørsmål, og du kan gi meir nøyaktige opplysningar enn viss du er uførebudd. Det vil gjere det lettare for legen å stille rett diagnose og velje rett behandling.
Den fysisk undersøkinga:
Synsundersøkinga er sentral. Ved hjelp av spesialutstyr undersøkjer vi det ytre auget, fremre del av auget (spaltelampe), netthinna (oftalmoskop). Trykket i auga vert målt (tonometer eller applanasjonstonometer), synsfeltet vurdert (perimetri). Vi undersøkjer også andre delar av kroppen - t.d. med laboratorieundersøkingar - når det er behov for det.
Ved somme tilstandar kan biletdiagnostikk vere viktig. Ordinær røntgen er mest vanleg, men også ultralyd, CT og MR kan nyttast der det er naudsynt.
Gjer det vondt?
Nei. Du får den bedøving som tengst.