Kvifor gjer vi det?
Vi gjer undersøkinga for å leite etter endringar i augebotnen, endringar som uten behandling kan forverre synet.
Dei fleste som går til jamleg kontroll, er diabetespasientar.
Korleis vert det gjort ?
Når du kjem, dryp vi auget for å utvide pupillen. Slik får vi betre innsyn. Etter 30 minutt tek vi bilete av augebotnen. Enkelte må ta synstest i tillegg.
Undersøkinga varer 45-60 minutt
Kva skjer etterpå?
Etter undersøkinga kan du reise heim. Bileta vert vurderte av ein lege, som sender skriftleg svar til fastlegen, ev. annan behandlar i tillegg. Bileta blir lagra og samanlikna frå gong til gong.
Når får du resultatet?
Det kan variere alt etter hastegrad, men sjeldan meir enn 3-4 veker.
Biverknader?
Etterpå kan du verte svært var for lys fordi pupillen er utvida. Er det sol ute, er det lurt å ta med solbriller. Det er ikkje tilrådeleg å køyre eigen bil heim.