Hopp til hovedinnhold

Angiografi

Kvifor vi gjer undersøkinga.

Undersøkinga viser blodgjennomstrøyminga i blodårane i auget. Det gjer det mogleg å påvise skadar, blokkeringar eller urposingar på blodårane i auget.

 

Slik gjennomfører vi undersøkinga.

Først blir du undersøkt av legen. Så blir det blir lagt inn ein veneflon i ei blodåre i handa, slik at legen kan setje inn eit kontrastmiddel (fluorecin). Når legen set kontrastmiddelet, vert det teke biltete av augebotnen.

 

Kva skjer etterpå?

Etter undersøkinga vert veneflonen fjerna, og du kan reise heim etter  40-60 min. Bileta vert vurderte av ein lege, som sender skriftleg svar til fastlegen din eller ev. annan behandlar i tillegg. Bileta blir lagra .

 

Kor lenge varar undersøkinga?

Sirka 90 minutt.

 

Biverknader?

I svært sjeldne tilfelle kan du reagere med kløe og utslett på kroppen inntil ei veke etter å ha  fått kontrastmiddel. Då kan du kontakte fastlegen, eller behandle det sjølv med eit kløestillande middel.

 


 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 16.12.2008 10:03