Hopp til hovedinnhold

Fjerning av sti (chalazion/hordelom)

Kvifor gjerast det?

For å fjerne puss som har kapsla seg inne , oftast under eller på augeloket.

 

Korleis vert det gjort?

Ein får ligge på ein benk, medan legen sett bedøvelse rundt det punktet stien er. Så vert det sett på ein klemme rundt stien ,for å lettare kome til . Det vert laga eit lite snitt i huda , for å  kunne presse ut pusset.

 

Gjer det vondt?

Litt ubehageleg er det nok, men det vert gitt lokalbedøvelse i område der stien er.

 

Kva skjer etterpå?

Etterpå vert det lagt på en salvebandasje som skal vere på auget nokre timar. Legen skriv og ut ein resept  på salve som ein skal bruke etter legen si anvisning.Så kan ein reise heim.