Dette er ein operasjon der ein skifter ut linsa i auget. Operasjonen vert oftast utført med dropebedøving, men ein kan og nytte anna bedøving når det er behov for det. Sjølve inngrepet tek ca. 15 minutt, men totalt vil det nok ta eit par timar frå ein kjem til ein kan reise heim. Det er ikkje tilrådeleg å køyre eigen bil. Dagen etter skal ein som regel til kontroll på poliklinikken.
 |
|
Avdelingsjef Odd Sletteberg og Operasjonssjukepleiar Irene Skillestad i gong med ein gråstær operasjon. |