Hopp til hovedinnhold

Anestesiseksjonen - Ålesund

Illustrasjon - Anestesiavdelinga

 

Dette er del delen av avdelinga som utfører tenester knytta til operasjonsaktivitet på alle sjukehuset sine operasjonsstover. Ålesund sjukehus har ein mangfold av spesialitetar som krev anestesikompetanse; både før - under og etter operasjonen. Dette er pasientar som skal til augeoperasjonar; ØNH-inngrep, gynekologiske operasjonar, samt ortopedi, kirurgiske inngrep i nyre- urinveier, mage-tarm-kanalen, endokrinologi og kar-/thorax. Seksjonen blir leia av avd.spl. Marie Aaland og seksjonsoverlege Knut Rusten.

Nyttig informasjon

  • Pasientar som skal til operasjon, er som regel svært opptatt av kva slags bedøving dei treng i høve operasjonen og korleis dei vil oppleve dette. Mange har og spørsmål til anestesipersonalet og dei fleste får tilsyn av anestesilege før operasjonen der dei også får høve til å stille spørsmål om bedøvinga.

     

    Anestesisykepleiere - operasjonsavdelinga

    Seksjonen har ein røynd stab av erfarne spesialsjukepleiarar som gjennom eit nært samarbeid med anestesilegen tek vare på pasienten gjennom operasjon og bedøving.

     

    Som hovudregel kan ein ikkje følge pasientar inn på operasjonsavdelinga; dette har si årsak i svært strenge krav til hygiene på denne avdelinga. Men foreldre til små born får om ønskelig høve til å følge bornet inn på operasjonsavdelinga til bedøvinga starter.

     

    Pasientar som skal gjennomgå eit planlagd keisersnitt (sectio) med ein regional bedøving; anten epidural eller spinal-anestesi, kan; etter avtale med lege og jordmor ha med ein vaksen person som kan være til stades under forløsninga av barnet.

     

Anestesiformer

  • Ein pasient som får spinalbedøvelse før operasjon; dvs. en form for regional bedøvelse der bare t.d. beina er bedøvd og pasienten er våken under operasjonen.

     

    Ein skiller mellom 3 hovedtyper av bedøving

    Narkose eller generell bedøving: dette er ein anestesiform der pasienten søv under operasjonen. Narkose kan vere einaste bedøving, men også kombineres med

    Regional anestesi: her er større eller mindre deler av kroppen bedøvd med anestesimiddel og pasienten elles kan vere våken. Epidural og spinal er dei mest kjende metodane, men det finst også andre former for regionalanestesi som kan nyttast.

    Lokal anestesi: helst nytta til mindre inngrep som t.d. arn, fingre mm.

    Det er alltid anestesilegen som avgjer kva slags bedøving som er mest hensiktsmessig ut frå kva slags inngrep kirurgen skal gjere og dei ønsker pasienten måtta ha i høve bedøving.

    Alle pasientar som skal ha operasjon og bedøving, må vurderast på førehand av anestesilege. Pasientar kan her få høve til å stille spørsmål om den bedøvingsforma dei skal ha til sin operasjon.

     

    Innleiing av generell anestesi eller narkose. Det er alltid 2 anestesikyndige til stades ved innleiing og avslutning av generell anestesi.Kvalitet i behandlinga og sikkerhet for pasientane er svært høgt prioritert

     

    Anestesilegen passer godt på eit lite barn som er til undersøking i narkose i høve MR-undersøking på rtg. avdelinga ved sjukehuset

     

    Pasient som får generell anestesi før ein ryggoperasjon

     

Operasjonsavdelinga

  • Operasjonsavdelinga er ei hektisk avdeling med høgt tempo som stiller store krav til hhv. anestesi- og operasjonssjukepleiar som koordinerer og styrer operasjonsprogrammet

     

Til deg som pasient

  • Anestesiavdelinga har laga ei brosjyre: "Til deg som skal ha anestesi". Denne kan lastast ned og leses før ein skal ha anestesi. Denne brosjyra finn du her.

     

    Vidare har landsgruppa for anestesisjukepleiarar utarbeidd informasjon om kva ein anestesisjukepleiar gjer i ei moderne anestesiavdeling. Denne brosjyra kan du også finne her.

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 12.12.2008 13:49 Oppdatert: