
Avdelinga ligg i 2.høgda og har 3 operasjonsstover, eit cystorom og skiftestova.
Operasjonspersonellet syter for at operasjonen går føre seg under heilt sterile forhold. Sårområdet vert nøye vaska og desinfisert, resten av pasienten vert dekt til av sterile papirdekningar. Alle som opererer eller assisterer i eller i nærleiken av såret, har på førehand gjennomført steril handvask og har påført seg steril frakk og sterile hanskar. Operasjonssjukepleiarane held orden på alt det sterile godset (knivar, tenger, pinsettar, skruar, protesar osb.) og gjev operatøren det utstyret han treng under operasjonen. Etterpå vert dette utstyret reingjort, vaska og klargjort til neste gong på sterilsentralen. Særskild apparatur og særskilde fagrutinar sikrar at alt utstyret som vert brukt i såret vert absolutt reingjort og sterilisert etter internasjonale kvalitetsnormer. Dette arbeidet vert nøye dokumentert. Operasjonstovene med alt teknisk utstyr vert også nøye reingjort av assistentar.
Operatøren eller kirurgen er den legen som opererar. Dette kan vere ein generell kirurg, ortoped (beinkirurg), urolog (urinvegskirurg) eller gynekolog. Operatøren høyrer formelt til på same avdeling som pasienten, men gjennomfører operasjonane på operasjonsstova med assistanse frå personellet her.