Hopp til hovedinnhold

Intensiv - Volda

Illustrasjon - Akuttavdelinga Volda

 

Intensiv ligg i 2.høgda, har 7 tekniske senger og 1 mottaksseng, i tillegg til 4 postoperative senger. Avdelinga er godt utstyrt med avansert medisinsk tekninsk utstyr, slik at ein på best mogleg måte kan ta hand om alvorleg sjuke og skadde pasientar.
Intensivseksjonen er ei generell intensivavdeling og tek hand om pasientar frå Medisinsk , Kirurgisk og Gyn/Føde avd.. Intensivavdelinga har eigna romtilhøve, avansert medisinsk teknisk utstyr, og særskild utdanna personale for å kunne ta hand om pasientar med trugande eller reell svikt i dei livsviktige funksjonane, altså dei aller sjukaste pasientane. Aktuelle problemstillingar er hjarteinfarkt, akutt hjartesvikt, hjarterytmeforstyrringar, annan svikt i sirkulasjonen, blodforgifting, alvorlege blødingar og skadar, forgiftingar, lungesvikt, nyresvikt, alvorleg diabetes og komplikasjonar etter kirurgiske inngrep. Alle pasientar som treng pustehjelp kan få dette på intensivbehandlinga anten ved hjelp av ei maske over munn og nase, eller via ein slange i luftrøyret (Respiratorbehandling). Medisinsk ansvarleg for pasientbehandlinga på intensiv er legen frå avdelinga der pasienten høyrer til saman med anestesilege.


I tillegg har avdelinga ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med KOLS m.a. maskebehandling til pasient med søvnapnoe.


Recovery ein stad der pasientane vaknar/kjem seg til etter anestesi og operasjon under god overvaking.

Nyttig informasjon

  • Lokalisering
    Intensiv ligg i 2.etasje. Ta heisen frå hovudvestilbulen. Ring på ringeklokka i gangen utanfor og vent på personalet

     

    Kantine
    Kantina ligg i plan 0. Der kan pårørande kjøpe mat fram til kl.16

     

Diagnosar

Undersøkingar

Behandlingar

Kurs

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 12.12.2008 13:49