
Anestesiavdelinga er i hovudsak knytt opp mot operasjonsavdelinga og samarbeider tett saman med operasjonssjukepleiarar og kirurgar. I dag har vi 4 anestesilegar og 10 anestesisjukepleiarar, og den primære oppgåva er å gi og vedlikehalde bedøving til operasjonspasienten. I tillegg har anestesipersonalet ansvar for å rykkje ut til akutt og kritisk sjuke pasientar både i og utanfor sjukehuset.
Anestesipersonalet gjev anestesi - som tyder bedøving. Dette kan forgå ved at pasienten får narkose ved at vi tilfører medikament som gjer han medvitslaus på ein kontrollert måte. Andre typar anestesi er Spinal, Epidural, Plexus, Ankelblokk og Lokalanestesi. Pasienten er då vaken, men kjenner ikkje smerte fordi operasjonsstaden er bedøvd. Vedkomande kan likevel få avslappande medisinar som gjer at ein kan slumre seg gjennom inngrepet eller ein kan få lytte til musikk på høyretelefonar. Same kva anestesimetode ein nyttar vil anestesipersonalet syte for at pasienten sine livsviktige funksjonar er nøye overvaka til ei kvar tid. Til hjelp for dette har vi svært avanserte anestesiapparat.