Hopp til hovedinnhold

Akuttavdelinga

Illustrasjon - Akuttavdelinga Volda

 

Som namnet lyder er Akuttavdelinga viktig for Akuttfunksjonen ved sjukehuset. Avdelinga har mange fagpersonar som er spesialutdanna for å ta hand om akutt sjuke og skadde personar gjennom den første delen av sjukehusopphaldet.

 

Ei samling av akuttmedisinske diagnosar finn du i pasienthandboka.no

Som namnet lyder er Akuttavdelinga viktig for Akuttfunksjonen ved sjukehuset. Avdelinga har mange fagpersonar som er spesialutdanna for å ta hand om akutt sjuke og skadde personar gjennom den første delen av sjukehusopphaldet. Den akuttmedisinske kjeda fungerer heilt frå AMK eller legevaktsystemet vert varsla. Ambulansepersonellet rykkjer ut til pasienten, gjer stabiliserande og livreddande tiltak og bringer pasienten til Mottak. Etter nødvendige undersøkingar går kanskje turen vidare til Anestesi og Operasjon før pasienten vert overført til Intensivavdelinga for vidare overvaking etter operasjonen, eller behandling for svikt i dei livsviktige kroppsfunksjonane t.d. respiratorbehandling. Også akutt sjuke pasientar som ikkje skal ha operasjon vert overvaka og får naudsynt livreddande behandling på Intensivavdelinga.
Sjølv om Akuttavdelinga først og fremst har som oppgåve å ta hand om akutt sjuke og skadde, er vi også viktige for gjennomføringa av den planlagde aktiviteten ved sjukehuset, særleg gjeld dette ved operasjonar. Pasientar som vert innlagde møter først i Mottak for innskriving og undersøking før dei vert overført til den kliniske avdelinga der dei skal vere innlagde ( Medisinsk avdeling, Kirurgisk avdeling). Dagkirurgiske pasientar vert tekne hand om i Mottak både før og etter operasjonen. Alle pasientar som skal opererast får dette gjort på operasjonsstova der dei også får bedøving av anestesipersonell. Den første tida etter operasjonen vert pasienten overvaka på Intensivavdelinga.
Akuttavdelinga er ei tenesteavdeling for dei kliniske avdelingane. Det vil seie at alle pasientane høyrer heime på andre avdelingar, men får utført spesialiserte tenester ved avdelinga vår som t.d intensivbehandling, bedøving og operasjonar. Det er vår oppgåve å legge til rette for at kirurgane og gynekologane får operere med gode arbeidsvilkår, og at pasienten heile tida får god bedøving og er trygt påpassa. Ved Akuttavdelinga er det samla sjukepleiarar, legar og anna fagpersonell med spesialisert kompetanse for dette, og vi har mykje avansert og kostbart medisinsk teknisk utstyr som respiratorar, overvakingsutstyr og narkoseapparat. Denne organiseringa er tufta på den medisinske spesialiteten Anestesiologi, eller Anestesilege. Faget anestesiologi femner om dei fire ”søylene” Anestesi ( bedøving), Akuttmedisin, Intensivmedisin og Smertebehandling. Ein anestesilegespesialist har minst fem års spesialutdanning i faget. Dei fleste sjukepleiarane har eitt og eit halvt års spesialutdanning innanfor sine fag: Intensivsjukepleie, Anestesisjukepleie og Operasjonssjukepleie. Vi har også sjukepleiarar med spesialkompetanse innanfor uroterapi, lunge og hjartesjukdomar. Ved mottaksavdelinga har sjukepleiarane særskild opplæring i Legevakt og AMK funksjonen og ambulansepersonellet er også autoriserte helsefagarbeidarar med spesialisert kompetanse om akutt handtering av sjukdom og skade.

 

Tilbake til kortversjon.