Akutt behandling
Ring medisinsk nødtelefon 113 når det er behov for akutt behandling. AMK-sentralen vil då umiddelbart gi deg rettleiing og styre ambulanse eller helikopter til rett adresse.
Dersom pasienten blir bringa til sjukehuset av pårørande, skal ein likevel kontakte AMK, slik at sjukehuset kan førebu seg på å ta imot pasienten.
Akutt behandling skjer på alle tre nivåa: kommunehelseteneste(legevakt), lokalsjukehus og universitetssjukehus. Medisinske vurderingar ligg til grunn for kvar pasienten får behandling.
Sjukehusa i Helse Sunnmøre har akuttfunksjon for dei fleste sjukdomstilstandar. Når det er nødvendig, blir pasientar sende vidare til universitetssjukehuset i Trondheim - St. Olavs Hospital – anten direkte eller etter stabiliserande behandling ved lokalsjukehuset. Vidaresending til St. Olavs Hospital kan vere aktuelt når skaden eller skadane er svært omfattande, og når sjukdommen eller tilstanden er slik at han må behandlast ved universistetssjukehuset.
Dagbehandling/poliklinisk behandling
Poliklinisk utgreiing, dagbehandling eller kontroll inneber ikkje innlegging på sjukehuset. Etter at fastlegen har sendt tilvising til oss, får pasienten brev frå sjukehuset om når og kvar ho/han skal møte. Brevet inneheld praktisk informasjon om mellom anna korleis ein skal kome seg til og frå sjukehuset.
Nyttig informasjon før eit sjukehusbesøk, kan du òg finne i menyen til venstre og på nettsidene til kvar enkelt avdeling. Dei fleste pasientar har mange spørsmål dei ønskjer å stille, men mykje kan verte gløymt under eit kort besøk hos legen. Det kan derfor vere lurt å skrive ned på førehand det ein ønskjer å spørje om.
Pasienthotell
Åse hotell gir overnattingstilbod til alle gjestar. Inneliggande og polikliniske pasientar med tilvisning frå lege blir prioritert og booking/ rekvisisjon må ordnast frå avdelinga pasienten/ pårørande tilhøyrer.
Barselhotellet disponerar 10 av hotellromma. Barselkvinna og barnet kjem hit til oss kort tid etter fødselen dersom jordmor og lege tilrår.
Sjukehuset har same ansvar for pasientane på pasienthotellet som om dei er innlagde. Dei tilhører då den avdelinga dei vert innskrivne i eller flytta frå.
Til Åse hotell
Etterbehandlingsavdelinga
Etterbehandlingsavdelinga ved Aspøy omsorgsenter er eit samhandlingsprosjekt mellom Helse Sunnmøre HF og Ålesund kommune og skal lette overgangen mellom sjukehuset og eigen heim for eldre pasientar.
Etter at pasienten har fått utgreiing, er stabilisert og har starta behandlinga kan han få tilbod om plass i etterbehandlingsavdelinga. Her er det høg fagleg kompetanse og trivlege omgivnader som vil gi betre rehabilitering for pasienten.
Brosjyre - Aspøy omsorgssenter Etterbehandlingsavdelinga
Plakat - Aspøy omsorgssenter Etterbehandlingsavdelinga
Til toppen