BHT si rolle
- BHT skal bistå arbeidsgivar og arbeidstakar med å skape trygge og helsefremjande arbeidstilhøve.
- BHT har ei fri og uavhengig rolle i høve arbeidsmiljøspørsmål. Det betyr at BHT skal vurdere og gi støtte til arbeidsgivar og arbeidstakar ut frå sitt faglege ståstad.
- Personopplysningar og fortrulege opplysningar vert handsama konfidensielt. BHT har teieplikt og arbeidsgivar har ikkje tilgang til desse opplysningane. BHT samarbeidar med andre personar/instansar berre etter godkjenning frå - og i forståing med den enkelte tilsette.
- BHT utarbeider årleg årsoversikt som blir lagt fram for Arbeidsmiljøutvalet (AMU). Årleg handlingsplan blir utarbeidd i samråd med HMS-utvalet (Helse - Miljø og Sikkerheit).
Tilbod til alle
Alle tilsette i Helse Sunnmøre har tilbod om bedriftshelseteneste og alle kan ta kontakt.
BHT har tilsett sjukepleiar, fysioterapeut og ergoterapeut. Ved behov og i samråd med avdelinga kan anna kompetanse (td. arbeidsmedisiner, arbeidspsykolog og yrkeshygienikar) bli innleigd.
Kva kan vi bidra med?
BHT har fokus på førebygging og helsefremming.
Dette er i tråd med lov og forskrift i tillegg til vedtak i AMU.
BHT kan mellom anna bistå med råd og rettleiing innan desse områda:
- yrkesrelatert vaksinasjon
- yrkesskade, fare for blodsmitte
- fare for yrkesrelatert tbc-smitte
- ergonomi - arbeidsstillingar, utstyr, organisering, databriller
- yrkeshygiene, inneklima
- ny/ombygging, innkjøp av utstyr
- forflytning - teknikk, utstyr, organisering
- pausetrim, fysisk aktivitet
- sjukefråvær/bedriftsintern attføring - deltek i oppfølgingsmøter med leiar og tilsett
- konflikthandsaming
- AKAN (arbeidslivets komite for alkohol og narkomani)
- tobakksavvenning
- helsefremjande tiltak - ulike prosjekt
- arbeidsmiljøutvikling
BHT deltek gjerne på personalmøter eller internundervisning med informasjon eller undervisning vedrørande arbeidsområder som er nemnde.
BHT har iverksett ulike prosjekt i føretaket
- eigenrehabilitering
- forflytning og hjelpemidler
- trappetrim
- nærvær - arbeidsmiljø med grøn verdi
BHT deltek i ulike prosjekt
- Gravid i Helse Sunnmøre - ta magen med på jobb
- Handlingsplan for reduksjon av sjukefråvær
- Senior For Framtida - Kompetanse i Helse Sunnmøre
- God Vakt
- Prosjekt på avd./seksjonsnivå
BHT er representert i ulike utval
Kontakt BHT på e-post eller telefon
Dagleg leiar, bedriftssjukepleiar Jorunn Aandal, tlf. 70106464. Jorunn.Aandal@helse-sunnmore.no
Bedriftssjukepleiar Marit V. Eide, tlf. 70106463. Marit.Veiberg.Eide@helse-sunnmore.no
Bedr.fysioterapeut Tone A. Kipperberg, tlf. 70106410. Tone.Kipperberg@helse-sunnmore.no
Bedriftsergoterapeut Birgitte Kirkegaard, tlf. 70106465. Birgitte.Kirkegaard@helse-sunnmore.no
Besøksadresse (avtal tid på førehand)
Volda: Kløvertun
Ålesund: Åsebøen 1, 7. etasje