Koordinerande eining for rehabilitering er eit kontakt/informasjonssenter for rehabiliterings- og habiliteringstenestene i helseføretaket. Vi har oversikt over det tenestetilbodet som helseregionen har innan rehabilitering og habilitering, og skal syte for faste kontaktpunkt for informasjon og samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Vi skal bidra til felles kompetanseheving for kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta for å sikre at pasientane får best muleg kvalitet og kontinuitet i rehabiliteringsprosessen
Vi har ei stilling som koordinator. Stillinga er organisert under avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus. Koordinatoren har fast samarbeid med ei gruppe av fagpersonar frå dei avdelingane som yter habiliterings- og rehabiliteringstenester i Helse Sunnmøre.
Det er viktig at spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta har eit godt samarbeid slik at pasientane våre får best mulig kvalitet på tenestane, og kontinuitet i rehabiliteringstilbodet. Når pasientane våre skal heim, og skal fortsette rehabiliteringsprosessen der, er det alt oppretta kontakt med rehabiliteringskontakta (eller andre sentrale fagpersonar) i heimkommuna. Vi har også eit felles forum med jevnlige møter mellom rehabiliteringskontaktane i Sunnmørskommunane og fagpersonar i spesialisthelsetenesta. Dette er eit rehabiliteringsnettverk på tvers av nivåa og profesjonane.
Forskrift om habilitering og rehabilitering frå 2001
Tilbake til kortversjon