19. og 20. februar vart det arrangert ein nordisk workshop om sjølvhjelp i Trondheim. Workshoppen er ein del av Noreg si satsing på sjølvhjelpsforsking. Den var finansiert av Helsedirektoratet og arrangert av LMS i Helse Sunnmøre. Helse Sunnmøre har med dette fått ein sentral posisjon i arbeidet med å utvikle forsking på sjølvhjelp, ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt. Eit viktig mål med workshopen var å sparke i gang prosessen med eit temanummer av "International Journal of Self-Help og Self-Care " med fokus på sjølvhjelp i Norden. Workshopen la også ned grunnsteinen for eit nordisk nettverk innan forsking på sjølvhjelp.
Gjennom to dagar la forskarane fram abstrakt på mulige artiklar og gav kvarandre tilbakemeldingar og diskuterte retning og koplingar. Dette skjedde under myndig overvaking av professor Thomasina Borkmann.
Thomasina Borkman er professor i sosiologi ved George Mason University, Fairfax, Virginia, USA og redaktør av "International Journal of Self-Help og Self-Care ". Sidan 1974 har ho spesialisert seg på sosiale aspekt ved helse, sjukdom og uførleik. Borkmann er nestoren innan engelskspråklig forsking på sjølvhjelp.
Redaktøren av dette nordiske temanummeret er Professor Carol Munn-Giddings. Hun er professor ved Anglia Ruskin University i Cambridge. Sjølvhjelp er ein langsiktig lidenskap for Carol og hennar doktorgradsarbeid utforska forholdet mellom sjølvhjelp og sosialpolitikk i Storbritannia.
For å tilføre det nordiske miljøet perspektiv frå annan internasjonal forsking var gruppa forsterka med professor Jonathan Tritter frå University of Warwick som har helsepolitikk som spesialområde, professor Paul Crawford som er spesialist på helsekommunikasjon og professor Mark Avis frå University of Nottingham som er spesialist på sjølvhjelp. Kompetansen fløyt begge vegar. Etter workshopen kommenterte Mark Avis: ”Vi var invitert for å eksportere engelske kunnskapar om sjølvhjelp, men i staden var det vi som importerte kunnskapar”.
Både Danmark, Sverige, Finnland og Noreg var representert med sentrale forskarar som Kjeld Høgsbro (Ålborg) og Marianne Nylund (Helsinki). Magnus Carlson (Stockholm) var forhindra frå å delta, men vil delta i det vidare arbeidet. Frå Noreg deltok mellom anna alle dei tre forskingsprosjekta som har fått støtte frå Helsedirektoratet.
Det blei 2 intense faglege og sosiale dagar kor nettverket blei brakt saman. Mange deltok også på konferansen ”Saman om OPP!”, som LMS Helse Sunnmøre arrangerte den 17. og 18. februar, både med føredrag og som aktive deltakarar. Ein av de mest populære føredraga var det professor Paul Crawford som sto for. Han sa etterpå: ”Konferansen og workshopen var førsteklasses! De hadde alle de riktige ingrediensar og LMS var veldig effektive i arbeidet. Mark Avis og eg vil sjå kva anna vi kan få til av gjensidig nytte. Saknar Trondheim allereie!”
Workshopen ble leia av stipendiat Roar Stokken og forskar Johan Barstad ved LMS. Desse vil også ta ansvaret for å drive nettverket og arbeidet med tidskriftsutgåva vidare. Nettverket vil samlast på Stiklestad i september.
For meir informasjon kan du kontakte:
Roar Stokken 45240204
Johan Barstad 92037327