Læring- og meistringssenteret (LMS) i Helse Sunnmøre innleiar samarbeid med Wichita State University's Center for Community Support & Research (CCSR) for å gjere ein norsk versjon av ei undersøking om sjølvhjelpsgrupper som tidlegare har vore gjort ved CCSR.
Rett før sommarferien var Johan Barstad, seniorforskar ved LMS, på eit besøk ved Wichita State University. Målet med besøket var mellom anna å lære meir om bakgrunnen og konteksten for undersøkinga dei har gjort, for å betre kunne omsette den inn i norsk kvardag. Det var også ei målsetting å byggje kontaktar med dette fagmiljøet med tanke på framtidig samarbeid.
Barstad fortel at CCSR støtter konkret arbeidet i mange små sjølvhjelpsorganisasjonar og at dei definerer sjølvhjelp vidt og er mest opptatt av at det fungerer.
- På mange måtar opplevde eg det same mangfaldet som vår kartlegging av sjølvhjelpsgrupper i Norge har vist, samanliknar Barstad.
Lærerikt samarbeid
Det var Greg Meissen, grunder av CCSR og professor i psykologi ved Wichita State University, Scott Wituk, leiar og professor ved CCSR, og Louis J. Medvene, professor i psykologi, som var vertskap for Barstad under besøket. Alle tre vil delta i LMS sitt arbeid med den norske undersøkinga. I tillegg har Scott Wituk sagt seg villig til å gå inn i nettverket rundt prosjektet KNOPP. KNOPP betyr knutepunkt for forsking på opplæring av pasientar og pårørande og er finansiert av Samarbeidsorganet HMN-NTNU. Det betyr muligheit til å utvikle eit lærerikt samarbeid med CCSR og Wichita State University. I første omgang på områdane sjølvhjelp og mental helse.
På CCSR sin blog etter besøket, seier Scott Wituk at utfordringane i USA og Norge sitt helsevesen på mange måtar ikkje er så ulike, og at dei set pris på Barstad sitt besøk som lærte dei mykje. Wituk håper å få jobbe ilag med seniorforskaren frå Sunnmøre på eit par internasjonale sjølvhjelpsprosjekt i framtida. Les meir frå bloggen her.
- Måten CCSR arbeidar på kan vere lærerik for LMS og Helse Sunnmøre i forhold til samhandlingsreforma. Vi har så vidt begynt eit samarbeid som vi forventar oss mykje av, fortel Barstad etter besøket.
Les meir om CCSR
Wichita State University's Department of Psychology