Hopp til hovedinnhold

Godt humør i vått vêr på Standalhytta!

Ausande regnver hindra ikkje godt humør og fjelloppleving ute og inne då nærare 60 personar var samla på Standalhytta tysdag 24. mai. Det var helsekomiteen i Ålesund og Sunnmøre Turistforening (Å.S.T.), som saman med Helse Sunnmøre hadde invitert til fellestur for pasientar og andre som hadde lyst til å vere med.

Helsekomiteen i Å.S.T. hadde sørga for at det var godt og varmt då folket kom – og kom inn att! Kaffi var kokt, og nysteikte sveler kom på borda. Det var lagt opp natursti med postar i nærområdet. Og alle som deltok, var med i trekking av premiar, sponsa av turistforeininga.

For dei som ønskte det, var det også høve til ein lengre tur i det fantastiske terrenget, med Gullbjørg Helle som førar. Regnveret fekk nok skulda for at få nytta høvet, men det blei ein frisk tur med flott utsikt for dei som var med!

Det har årleg vore arrangert ein fellestur i samarbeid mellom Helsekomitéen i Å.S.T. og Helse Sunnmøre.

 

 Helsekomitéen

Helsekomitéen i Å.S.T. var vertskap på  Standalhytta. Frå venstre: Anne Røsvik, Eli Finnøy Gule, Olav Stavseng, Aslaug Flisnes og Gullbjørg Helle.

Denne gongen var det satsa i første rekkje på pasientgruppa. Og det blei arrangert felles-skyss frå Mork Rehabiliteringssenter, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund, Sjøholt DPS og Vegsund DPS. Men også andre hadde funne vegen, med privat skyss.
 
 Tur 

             Natursti

             Natursti var ein av aktivitetane.

 Frisk tur i flott terreng!

        

Per Vadseth   
Det er  Aalesunds Skiklub som eig Standalhytta. Per Vadseth frå skiklubben viste lysbilde og fortalde om hytta og den storslåtte naturen omkring                                                                                                                         

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 25.05.2011 15:08

Kolbjørn Gjære