Hopp til hovedinnhold

Forsking frå Helse Sunnmøre på COMET i Boston

Også i år var COMET-konferansen godt besøkt frå Helse Sunnmøre. Sjukepleiar Mette Muren Gjerseth frå kirurgisk avdeling i Volda, seniorforskar Johan Barstad og stipendiat Roar Stokken frå læring- og meistringssenteret (LMS) deltok på årets konferanse som var i Boston.

COMET

Konferansen sitt fulle namn er Conference on Communication, Medicine and Ethics og har som mål å bringe saman forskarar med ulike faglege bakgrunnar innan helsetenestar og samfunnsfag.  COMET er ei årleg tverrfaglig, internasjonal hending og LMS har med hell brukt den for å bygge nettverk internasjonalt.

 

Internasjonale nettverk

På konferansen i 2009 kom LMS i kontakt med nettverket Kommunikation i vård, omsorg och socialt arbete (KIVOS). LMS har hatt mykje fagleg samarbeid med KIVOS det siste året, mellom anna i høve OPP- konferansen i februar og forsking på sjølvhjelp.

 

Kommunikasjon som omsorg

I år samarbeida LMS med KIVOS om ein eigen sesjon som gjennom ei rad foredrag beskriv, med ei skandinavisk vinkling, korleis  kommunikasjon kan fungere som omsorg.

 

Care in the air

Johan Barstad presenterte ”Care in the Air”. Eit arbeid som bygger på forskinga til Johan Barstad (seniorforskar LMS), Roar Stokken (stipendiat LMS), Siv Osdal (sjukepleiar, intensivavdelinga ved Volda sjukehus), Solrun Osdal (sjukepleiar, intensivavdelinga ved Volda sjukehus) og Torstein Hole (klinikksjef ved medisinsk klinikk, Helse Sunnmøre). Dei har sett på kor viktig informasjonen er når pasientar vert sendt heim, eller til Helse Sunnmøre HF, etter hjartebehandling i Trondheim.

 

Informative care

Mette Muren Gjerseth presenterte ”Informative Care”. Dette tok utgangspunkt i den preoperative dagen som kirurgisk avdeling i Volda har for pasientar som skal skifte hofte. Målet var å få innspel til eit planlagt større prosjekt som skal sjå på om og korleis opplæring fører til mellom anna meir tilfredse pasientar, betre samarbeid med pasientane og ein betre pasientflyt. Erfaringane til no peiker i slik retning.


Ut over dette hadde Roar Stokken tre innlegg i ulike parallellar:

 

Unempowering love: on patient choice and professionalism

Skrive i samarbeid med Felicia Marie Gabrielsson School of Health Sciences, Institutt for Gerontologi, Jönköping Universitet. Presentasjonen tar for seg helsearbeidaren sine utfordringar knytt til eit aukande fokus på pasienten sin rett til å velje.

 

Between Love and Technology – On Moderating Online Mutual-Aid Groups

Skrive saman med Marianne Trondsen Norwegian Centre for Integrated Care and Telemedicine. Presentasjonen ser på korleis rettleiaren si rolle blir forma av behova i sjølvhjelpsgruppa og teknologien si utforming når ein skal drive sjølvhjelpsgrupper på internett.

 

Chalk and Cheese – or Two Peas in a Pod

Som er skrive saman med kollega på LMS Helse Sunnmøre Johan Barstad. Presentasjonen ser på fellestrekk og forskjellar mellom sjølvhjelp og pasientopplæring og byggjer på forsking og utviklingsarbeid ved LMS Helse Sunnmøre.

 

Ønskjer deltaking

Samarbeidet med KIVOS, Universitet i Jönköping og Telemedisin er gode eksemplar på korleis LMS gjennom presentasjonar og artikkelskriving bygger samarbeid til ulike fagmiljø. LMS meiner også det er viktig at praktikarar får høve til å delta med innlegg på slike konferansar. I 2009 deltok Siv Osdal og Solrunn Osdal fra intensivavdelinga i Volda og i år Mette Muren Gjerseth frå kirurgisk avdeling. Dette har vært svært vellykka og hatt stor betyding for prosjekta som desse er involvert i.  

 

Abstrakt for presentasjonane frå Helse Sunnmøre HF

Les meir informasjon om COMET

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 17.08.2010 08:08

Jan Ole Bolsø og Carina Giskegjerde