Hopp til hovedinnhold

Bli med på fellestur til Standalhytta 24. mai!

Helse Sunnmøre og Helsekomiteen i Ålesund og Sunnmøre Turistforening arrangerer 24. mai fellestur til Standalhytta, for pasientar og andre som har lyst til å bli med!

Bilete av hytta   Det blir natursti med premiar, og høve til å få fine naturopplevingar langs vegar i nærområdet, etter ønske. Det blir også arrangert ein meir utfordrande tur med leiar, alt etter føreforhold. Ein kjentmann og historikar blir stasjonert på hytta. Og her blir det sjølvsagt servering av sveler, kaffi og te.

Frammøtetida er kl. 11.00. Det er ikkje førehandspåmelding; deltakarar må elles ordne transport sjølve - og gjerne få nokon med seg!

Standalhytta ligg på Standalseidet, like ved Kolåstinden og Sætretindane i Sunnmørsalpane - eit av Norges mest spektakulære fjellområde. Det går bilveg fram til like ved hytta, frå Follestaddalen aust for Ørsta eller frå Store Standal i Hjørundfjorden.

Sjå brosjyre

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 02.05.2011 13:19 Oppdatert: 06.05.2011 16:04

Kolbjørn Gjære