Hopp til hovedinnhold

Evaluering av opplæringstiltak - kva vil du oppnå?

Kven vil du påverke med evalueringa? Kva er viktigast å finne ut? Korleis vil du finne det ut? Dette var tre sentrale spørsmål då Knutepunkt for forsking på opplæring av pasientar og pårørande i Midt-Noreg (KNOPP), knytt til LMS Helse Sunnmøre, i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret i Helse Nordmøre og Romsdal, arrangerte seminar om i Molde 19. mars. Dei rundt 15 deltakarane kom frå Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. 

Roar Stokken peika på at hovudmålet med evaluering må vere organisasjonsutvikling. Viktig blir det då å avklare kva for nivå ein vender seg mot. Er den overordna leiinga, mellomleiarar eller gjeld det forbetring av sjølve opplæringstiltaket, på det ”operative” nivået? Det ein gjer, må i alle høve gi gjenkjenning hos personale og leiing. 

Johan Barstad understreka på liknande vis den banale sanninga at ein må velje angrepsmåte ut frå det ein ønskjer å oppnå. Det er viktig å kjenne metodane sine begrensningar. Spørjeskjema kan spenne frå det heilt enkle og direkte, der ein spør: ”Kva var bra? Kva var dårleg? Kva lærte du”, til det vitskapleg validerte skjemaet slik ein til dømes finn det i Kunnskapssenteret sin spørjeskjemabank.

Det er meininga å arrangere ei vidareføring av seminaret til hausten, slik det blei ønskt frå deltakarhald på slutten av seminaret.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 26.05.2011 09:17

Kolbjørn Gjære