Hopp til hovedinnhold

-Legane er ikkje pedagogar

-Tradisjonelt er ikkje legen ein pedagog, seier fastlege Jørgen Urnes frå Trondheim. -Legen har historisk sett ikkje vore interessert av pasienten sin læring. Difor har heller ikkje helsetenestene vore oppteken av dette. Det gjer at pasientopplæring er spesielt utfordrande og framand. Lovfestingen av pasienten sin rett til opplæring har ført til et paradigmeskifte. Det inneberer ein omdefinering av pasientrolla og helsetenesta si rolle.

Jørgen Urnes. Foto: Annette S. Gjørv.

Jørgen Urnes er ein av over 50 foredragshaldarar på den regionale konferansen ”Saman om OPP!” 17.-18. februar i Trondheim. Konferansen vil samle over 200 personar frå kommunar, helseføretak og brukarorganisasjonar i Midt-Noreg. 8 år med lovfesta rett til pasient og pårørandeopplæring gjer saman med samhandlingsreformen at kommunane, spesialisthelsetenesta og brukarorganisasjonane må søke saman for å løyse oppgåvene.

Urnes sitt poeng er at legane og helsepersonell må bli pedagogar for å kunne møte mange av dei framtidige utfordringane som helsetenestene møter. Felles for dei fleste kroniske sjukdommar er at legen og helsepersonell ikkje kan gjere pasienten frisk. Pasienten må ha kunnskap for å gjere naudsynte tiltak i eigen kvardag for å kunne leve best mogleg med sine plager. Kunnskapen til dette må kome frå helsepersonell og brukarar.

Utfordringane er mange og difor har konferansen mange parallellar som gjer at ulike faggrupper kan finne tema som passar dei. Vekta er lagt på å syne fram det som skjer i Midt-Noreg, men her er også mange internasjonale og nasjonale kapasitetar. Dei fleste innleiarar deltar også på heile konferansen. Slik vert konferansen og ein møtestad for å få nye kontaktar og skape nye relasjonar.

-Kommunane har i år fått midlar til samhandling over statsbudsjettet og vår oppleving er at det er ei utfordring å finne den rette måten å nytte desse på, seier Jan Ole Bolsø i arrangementskomiteen. – Ein del kommunar har sett at konferansen kan vere ein god stad å skaffe seg kontaktar og idear. Men det er framleis mogleg for fleire å melde seg på.

Det er Helse Midt-Noreg som arrangerer konferansen. Dei har delegert det praktiske ansvaret til LMS ved Helse Sunnmøre HF.

 

Sjå konferansen si side her: www.helse-sunnmore.no/samanomopp

 

Kontaktpersonar:

Jan Ole Bolsø  90938487 / 70168732
Stein Conradsen 93244128 / 70168727

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 27.01.2010 10:41

Jan Ole Bolsø / Stein Conradsen