Sorg er reaksjon på store tap. Sorg er ingen sjukdom, men det kan gjere frykteleg vondt. Det er vanleg å få reaksjonar når nærståande døyr. Du kan kjenne deg veldig trøytt, eller åleine, eller sint og rastlaus. Det kan vere vanskeleg å følgje med på skule eller i arbeid. Kanskje misser ein interessa for noko ein har vore opptatt av før.
Det er ingen måte å sørgje på som er feil eller rett. Det er berre slik at vi er ulike. Mange trur dei reagerer galt eller unormalt, og at dei ikkje er sterke nok. Når ein sørgjer viser det seg at det hjelper å møte andre som har opplevd å miste nokon dei var glade i.
I sorgstøttegrupper kan ein få:
- Høve til å sette ord på tankar og følelsar rundt det som har skjedd, saman med andre ”som veit kva dei snakkar om”
- Snakke saman om korleis det går i kvardagen
- Hjelpe kvarandre med å arbeide seg igjennom sorga
Sorgstøttegruppene er ein møteplass der barn og unge
… kan treffe andre på same alder som har mista søsken, foreldre/førsette eller andre av sine næraste
… kan bli kjent og dele erfaringar i sorg på ein naturleg måte med andre i same situasjon
Fire grupper:
- Førskulegruppe 3-6 år
- 1. - 6. klasse
- 7. - 10. klasse
- Vidaregåande skule - 20 år
I tillegg blir det eigne foreldregrupper
Tid: Torsdagar frå klokka 16.00 - 17.30, kvar fjerde veke. I alt ti samlingar.
Stad: Åsebøen 11, ved Ålesund sjukehus.
Sjå kart frå Gule sider
Aktivitetar tilpassa alder: Leike, spele spel, tegne etc. Samtale. Mat og drikke.
Sorgstøttegruppene starter opp ein gang i året, om hausten og opplegget går over ti samlinger. Ein brukar eit opplegg som er utvikla på sorgstøttesenteret ved Akershus universitetssjukehus med såkalla ”lukka” deltakargrupper. Dette inneber at ein møter dei same deltakarene gjennom heile opplegget. Med tanke på utbytte, både for eigen del og for dei andre i gruppa, er det viktig å være til stades kvar gong. Utbytte av opplegget er også avhengig av om ein fylgjer heile opplegget, dvs deltar på alle 10 samlingane, så fremt ein ikkje er sjuk. Dei fyrste to samlingane er ”opne”, det vil seia at deltakara som er usikre på om dei vil være med i gruppene, kan koma og prøve ut om opplegget passer. Det vil vere mellom 6 og 8 deltakare i kvar gruppe.
Gruppene er ikkje eit behandlingstilbod, men eit sorgstøttetilbod. Det er to leiare i kvar gruppe. Leiarar i gruppene er er fagfolk med særleg bakgrunn for å arbeide med barn og ungdom i sorg. Dei er tilsette på Sjukehuset i Ålesund, PP – tenesta, Den Norske Kyrkja, Høgskulen i Ålesund og Helsestasjon.
Første samling hausten 2010 er torsdag 26 august.
Det er tilbod om eiga gruppe for vaksne som følgjer barna.
Tema for samlingane
1. samling: Bli kjent
2. samling: Liv, død og minne
3. samling: Korleis uttrykke følelsar?
4. samling: Korleis takle stress og uro i kroppen?
5. samling: Det som skjedde
6. samling: Gravferda, rituala
7. samling: Oss som familie
8. samling: Korleis ta vare på meg sjølv?
9. samling: Rolleendring og nye relasjonar
10. samling: Avslutning og framtida
I tillegg blir det grilltur til Svinøya
Informasjon og påmelding
Sjukehusprest André Sjåvåg
Tlf: 70105323/90184254
e-post:
andre.sjavag@helse-sunnmore.no
Gruppeleiarane:
- Asbjørg Oksavik Sve
- Tine Nordbrønd
- Brit Hurlen
- Ingunn Vasset
- Hild May Eide
- Ingeborg Øien
- Emil Knardahl
- Aud Romslo Schistad
- André Sjåvåg
- Cathrin Stenvågnes