Hopp til hovedinnhold

”Livslyst når det røyner på” – kurs i mai for vaksne etterlatne

Helse Sunnmøre, Ulstein kommune og Kreftforeningen arrangerer i mai kurset: ”Livslyst når det røyner på”.

Kurset er eit meistringskurs for vaksne som har mista ein av sine nærmaste som følgje av kreftsjukdom. Hensikta med kurset er å gi deltakarane hjelp til å hjelpe seg sjølve. Gjennom kunnskap om korleis tankane påverkar oss, ulike modellar, samtalar og erfaringsutveksling, får deltakarane nyttige verktøy for å handtere kvardagen på ein god måte.

Kurset er gratis. Dei fem kurssamlingane blir på Lærings- og meistringssenteret sine lokale ved Volda sjukehus, Kløvertun, 5., 12., 19., 25. og 26. mai, kvar gong frå kl. 14.00 - 17.00.

Kursansvarlege:

Sigrid Sigmundstad, sjukehusprest

Sigrid Myklebust, sjukepleiar ved kreftpoliklinikken, Volda Sjukehus.

Kontaktperson: Anne-Britt Rønning, Kreftforeningen, tlf. 07877

For påmelding eller meir informasjon, sjå her

For informasjon og påmelding via Kreftforeningen si regionale nettside, sjå her

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 18.04.2011 10:23 Oppdatert: 18.04.2011 10:22

Kolbjørn Gjære