Organisering
Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Sunnmøre er ein del av Fagavdelinga og har ansvar for å støtte dei kliniske avdelingane sitt arbeid med opplæring for pasientar og pårørande.
Ein viktig del av opplæringsarbeid med pasientar og pårørande gjerast av opplæringskoordinatorane. Desse er tilsette i avdelingane og tek ansvar for å arrangere kurs for pasientar som er til behandling og deira pårørande.
Hovudsetet er ved Sjukehuset i Volda, og opplæringsarbeidet foregår ved alle einingane i Helse Sunnmøre. Senteret har verksemd på tre område:
1) Kurs/opplæring for pasientar og pårørande i Helse Sunnmøre sitt område
2) Regionale oppgåver for Helse Midt-Norge
3) Forskning- og utviklingsarbeid
Praktiske tilhøve
Undervisningslokale og kontor i Ålesund og Volda
Nokre prinsipp
Det er sentralt at opplæringstiltaka skal planleggast, gjennomførast og evaluerast i samarbeid med pasientar og pårørande. Dei som kjenner på kroppen kva det vil seie å ha dei ulike lidingane vil ha mykje å bidra med og veit kva behovet er.
Målet for opplæring av pasientar og pårørande er å styrkje helse og livskvalitet ved å fremje læring, meistring og sjølvstende.
Læring handlar om relativt varige endringar av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar.
Meistring handlar i stor grad om opplevinga av å ha krefter til å møte utfordringar og ha kjensel av å ha kontroll over eige liv, tilpasse seg og kunne klare å sjå forskjellen på det du må leve med og det du sjølv kan vere med på å endre.
Tilbake til kortversonen