Vitskapleg publisering er viktig. Men det er tidvis ein lang og frustrerande veg fram dit. Spesielt om ein har avgrensa erfaring innan feltet. Ved Høgskulen i Volda er fire fagmiljø involverte i oppbygginga av forskingsprogrammet ‘Gir kultur betre helse?’. Ved Helse Sunnmøre har det vakse fram ei rekkje samfunnsfaglege forskingsprosjekt innan helsefeltet. For å gjere det lettare å publisere forskingsresultata har Helse Sunnmøre, Høgskulen i Volda og Volda kommune invitert Professor Aksel Tjora. Han skal formidle sine erfaringar om kva som er viktig for å gjere vegen fram til publisering så kort og enkel som råd.
INNHALD
Verdien av publisering frå ulike ståstader
Jørgen Amdam, rektor ved Høgskulen i Volda
Torstein Hole, klinikksjef, Helse Sunnmøre
Gunnar Andenes, nærings- og kultursjef, Volda kommune
Publisering, forsking og språk Aksel Tjora
Korleis forske godt og norsk i ein internasjonalisert situasjon? Ulike format og kanalar.
Artikkelen Aksel Tjora
Val av metodar og perspektiv når ein skal nytte
artikkelformatet.
Reviewprosessen Aksel Tjora
Frå forfattaren, reviewaren og redaktøren sin ståstad.
TID
Onsdag 11. mai 2011
kl 1000-1600
STAD
Strøm 244, Joplassvegen 6A, Høgskulen i Volda
GPS: 62.14851, 6.08877
ØKONOMI
Gratis
MÅLGRUPPE
Alle som vurderer å publisere samfunnsfagleg forsking innan helsefeltet.
NÆRARE INFORMASJON
Roar Stokken, roarstokken@me.com, Helse Sunnmøre
Kjetil Høydal, KjetilHo@hivolda.no, Høgskulen i Volda
Aksel Tjora er professor i sosiologi ved NTNU i Trondheim og professor II ved Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin (NST) i Tromsø. Kvalitativ forskning om helse og medisin er ei av hovudinteressene hans. Tjora er redaktør for Sosiologisk tidsskrift og er reviewar for ei rekkje internasjonale tidsskrift. Han har gitt ut fleire bøker og artikkelsamlingar og publisert artiklar i mellom anna Social Science & Medicine, Sociology of Health & Illness, Social Theory & Health, Health, Qualitative Research, Journal of Medical Internet Research, Tidsskrift for den Norske Lægeforening, Nordic Journal of Architectural Research og Popular Music.
Plakat for seminaret her