KNOPP er oppretta av Helse Sunnmøre HF for å stimulere til forsking og utvikling på pasient- og pårørandeopplæring i regionen. Det er finansiert av infrastrukturmidlar for forsking frå Samarbeidsorganet mellom Helse Midt-Noreg og NTNU. Finansieringa er for 5 år med start sommar 2010.
Prosjektet er plassert i Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Sunnmøre og har difor nær kontakt med praksis i klinikken. LMS Helse Sunnmøre har og ei FoU-eining som tar seg av arbeidet i KNOPP. Helse Midt-Noreg sin regionale funksjon innan opplæring av pasientar og pårørande er og ein del av dette miljøet.
Pasientar og kunnskap er hovudfokus for arbeidet i KNOPP og dei prosjekta ein vil samarbeide med. Målet er å bidra til å skape koplingar mellom praksis og forskingsbasert kunnskap innan opplæring av pasientar og pårørande.
KNOPP vil søke å etablere kontakt med alle helseføretaka i Midt-Noreg, særleg FoUeiningane og LMS ved føretaka. Fagpersonar og miljø må gjerne vende seg til KNOPP på eiga initiativ.
KNOPP vil utvikle tre grupper av tenester:
REGIONAL STØTTEFUNKSJON
Bidra inn i prosjektplanlegging og søknadsarbeid, kople saman kontaktar og formidle kunnskap til fagmiljø i regionen. Arbeide med å hjelpe i gong fleire stipendiatar og postdocstillingar innan feltet.
FORMIDLING
Etablere samproduksjon av artiklar mellom regionen sine forskarar/forfattarar og eksterne kapasitetar. Arrangere publiseringsworkshopar, ulike faglege workshopar og initiere antologiar og ’special issues’ av tidsskrift.
FAGLEG SAMARBEID
Kople lokale forskings- og utviklingsprosjekt til nasjonale og internasjonale kompetansemiljø. Arbeide for utveksling og studieopphald for å styrke regional kunnskapsutvikling. Grunnlaget for nettverk mellom personar er at de samarbeider, KNOPP vil difor i dei fleste prosjekt forsøke å legge til rette for at faglige kontaktar knytast.
Se publikasjonsliste for LMS Helse Sunnmøre her.
Se kontaktinfo for LMS Helse Sunnmøre her.
Kontakt
Stein Conradsen
Tlf 70168727 / 932 44 128
E-post stein.conradsen@helse-sunnmore.no
Roar Stokken
Tlf 45240204
E-post roarstokken@mac.com