Hopp til hovedinnhold

Kostnader og refusjon av utgifter i samband med kursdeltaking

Pasientar som ønskjer å delta - eventuelt i lag med pårørande - i gruppeopplæring poliklinisk, treng tilvising frå fastlege eller behandlande spesialist. Tilvisinga skal sendast til den avdelinga/poliklinikken som er kursansvarleg. Tilvisinga blir registrert i ei venteliste, og det blir seinare sendt ut invitasjon med meir detaljert informasjon om dato for kurset, program, kurslokale og anna. 

 

Eigenbetaling 

Pasientar som deltek i opplæring/kurs, betaler ein poliklinisk eigendel på kr. 307,-, eller registrerer frikort dersom ho/han har det. Pårørande betaler ikkje eigendel. Betaling for mat på kurset kjem på om lag kr. 50,- pr. dag pr. person. Det same gjeld for pårørande. Frå 2011 vil alle eigendelar for pasientreiser bli automatisk registrert i grunnlaget for frikort, også eigendelar på reise med rekvisisjon. Når pasient og pårørande deltek i lag, får pasienten ein faktura om eigenbetaling for begge/alle.

 

Refusjon av utgifter til reise, kost og overnatting for pasient

Hovudregelen for reiserefusjon er at ein får dekka billegaste reisemåte med rutegåande transportmiddel dersom ein bur meir enn 3 km unna. Dersom du treng ekstraskyss/drosje og ikkje kan nytte offentleg transportmiddel, må du ta kontakt med din fastlege/behandlar for å få rekvisisjon til reise, eller kontakte Pasientreiser Møre og Romsdal på telefon 05515.   

Eigendelen er kr.130,-  kvar veg pr. 2011. Blir fritt sjukehusval nytta, er satsen kr.400,- kvar veg.  

Du kan få dekt kostutgifter dersom du må vere borte ifrå heimen i 12 timar eller meir, med kr. 185.- pr. døgn pr. 2011.

Du kan få dekt utgifter til overnatting med inntil kr.330.- pr. døgn pr. 2011 når: a) når det er naudsynt for å rekke å delta eller kunne delta, b) ved kurs/ behandling over to eller fleire dagar og når utgiftene samla sett blir lågare enn om pasienten vel å reise fram og tilbake til bustad/opphaldsstad mellom kvar kursdag. Dersom det er nødvendig med overnatting, ta kontakt med kursansvarleg.

 

Utgiftsdekning for pårørande 

Reglane om utgiftsdekning for reise og opphald gjeld også pårørande som blir inviterte til kurs/opplæring i regi av spesialisthelsetenesta. Pårørande som deltek som naudsynt reisefølgje skal ikkje betale eigendel for reise, det same gjeld for barn under 16 år.

 

Tap av arbeidsinntekt i samband med reise

Når pårørande blir inviterte/innkalla eller deltek som naudsynt følgje i samband med opplæring i regi av spesialisthelsetenesta, kan dei få arbeidsgodtgjersle med kr.95.- pr. time  inntil 8 t pr. døgn pr. 2011 om dei dokumenterer tapt arbeidsforteneste. Det finns også nokre særskilde unntaksreglar om ein liten kompensasjon når tapt arbeidsforteneste ikkje kan dokumenterast. For pårørande til barn gjeld reglane om opplæringspengar i folketrygdlova.

 

Reiserekningsskjema

Pasient og pårørande som sjølv ordnar og betaler for reise, må fylle ut reiserekningsskjema - kvar for seg - og sende inn til Pasientreiser ANS. Eigendelen vert registrert automatisk i grunnlaget for frikort.

Adressa står på reiserekningsskjemaet, eventuelt på ferdigadressert konvolutt. Legg ved alle kvitteringar for utgifter i samband med reise og eventuelt opphald.

Det er viktig å legge ved oppmøtestadfesting (giro for betalt eigendel eller eige skjema for stadfesting av oppmøte), som må vere datert, signert og stempla.

Pårørande/naudsynt reisefølgje må hugse å fylle ut både feltet med opplysningar om kva pasient opplæringa gjeld (rubrikk 1) - og om seg sjølv (rubrikk 2). Viss pårørande krev godtgjersle for tapt arbeidsforteneste, må dokumentasjon frå arbeidsgivar leggast ved  

 

Timeekspressen og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund.

 

Kontaktinfo til LMS her  

Tilbake til hovudsida for LMS her

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 15.04.2010 10:47

Stein Conradsen