SOSIAL KOMPETANSE, SAMSPEL OG TRIVSEL
Vi jobbar aktivt med det sosiale miljøet og det einskilde barnet sin sosiale kompetanse. Målsetjinga er å skape eit triveleg og trygt klima der barna skal ivareta og utvikle sin sosiale kompetanse, det vil seie; lykkast i å omgå andre.
NATUR, FYSISK FOSTRING OG FRILUFTSLIV
Vi legg vekt på at barna skal få bruke heile kroppen sin fordi:
• motorisk trening verkar inn på heile utviklinga til barnet
• dei lærer å kjenne sin eigen kropp og får auka sjølvkjensle
• dei kjenner gleda ved å bruke kroppen aktivt
UTEAKTIVITETAR
Vi er mykje ute på eige område, og vi utforskar også ulike stadar i nærmiljøet. Gode turmål er Grindaløda, Årneset, Stadion, Elvadalen, Sjukehusparken og Lærarskuleskogen.

UTEOMRÅDET.
I samarbeid med Asbjørn Flemmen, foreldra og personalet har vi utvikla uteområdet.
Vi kallar det ”Skogen”, og der har vi klatretau, slengtau, slengstigar, dekkvegg, balanseområde, bålplass o.a. Barna skal bli kjende og kjenne seg trygge på heile uteområdet. Her er mange fine gøymeplassar og stadar der dei kan leike i smågrupper. Leiken har gode vilkår.
I tillegg har vi tilgang til utmark rett ved sidan av barnehagen og denne brukar vi flittig. Det er lagt vekt på at barna skal få oppleve spenning, utfordring og utvikling i uteleiken. Vi vil legge tilrette for «ekte leik». Viss du vil lese meir om ekte leik og spontanidrett, kan du sjå under lenker.

UTVIKLINGSARBEID
Rammeplanen seier at barnehagen som pedagogisk samfunnsinstitusjon må vere i endring og utvikling. Dei sju kommunene på Søre Sunnmøre har i samarbeid med Høgskulen i Volda sett i gong kurs og rettleiing omkring pedagogisk utviklingsarbeid.
I Oppigarden barnehage har vi valt lærerik leik med særleg vekt på uteområdet. Det er planen at arbeidet skal vere ferdig hausten 2009.
SPRÅK OG KOMMUNIKASJON
Å kunne kommunisere med omverda er grunnleggande for kontakt med andre, og basis for sosialt samspel. Vi jobbar aktivt for eit rikt språkmiljø i barnehagen, og prøver å finne gode songtekstar på nynorsk, og formidlar bøker på dialekt.
BARNS MEDVERKNAD
Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagen si daglege verksemd. Barna skal sjølv kome med synspunkt og lære å argumentere for dei. Barns medverknad må vektleggast i samsvar med alder og modning
