OMTALE AV VERKSEMDA
Helse Sunnmøre HF omfattar all offentleg spesialisthelseteneste på Sunnmøre. Det meste av verksemda ligg i tilknyting til Ålesund sjukehus og Volda sjukehus. I tillegg har føretaket verksemd på følgjande stadar: Mork rehabiliteringssenter, Nevrohjemmet rehabiliteringssenter, Sjøholt distriktspsykiatriske senter, Vegsund distriktspsykiatriske senter og ein psykiatrisk rehabiliteringspost på Larsnes i Sande kommune. Før 1. januar 2002 var alle desse verksemdene underlagt Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter 1. januar 2002 er Helse Sunnmøre HF eigd av Helse Midt-Norge RHF som er eigd av staten. Verksemda er mellom anna regulert gjennom Lov om Helseføretak m.m. av 15. juni 2001.
Ålesund sjukehus har føretaksovergripande oppgåver for Møre og Romsdal fylke, og lokalsjukehusfunksjonar for om lag 83.000 innbyggjarar på nordre Sunnmøre. Volda sjukehus har lokalsjukehusfunksjonar for om lag 45.000 innbyggjarar på søre Sunnmøre medrekna heile Hareid kommune.
Rehabiliteringseiningane gjev tenester til pasientar frå Sunnmøre, frå Nordmøre og Romsdal og frå andre delar av landet dersom verksemdene har kapasitet til dette. Helse Sunnmøre har ei rekkje føretaksovergripande utover rehabiliteringseiningane slik dette kjem fram i vedteken helseplan for Møre og Romsdal.
Verksemda ved Helse Sunnmøre består av pasientbehandling, forsking, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande.
MÅLOPPNÅING
• Ventetid og ventelister
Ventelistene auka i 2007 frå 7470 til 9371 pasientar, medan den gjennomsnittlege ventetida auka frå 94 til 108 dagar.
• Korridorpasientar
Som i 2006 har talet på korridorpasientar i 2007 også vist ein sterk nedgang. Gjennomsnittleg tal korridorpasientar utgjorde i 2007 4,1 pasientar pr. dag mot 6,3 pr. dag i 2006. Samla tal korridoropphald i 2007 utgjorde 1.489 mot 2.300 i 2006.
• Kontroll med økonomien
Helse Sunnmøre HF har lagt bak seg eit økonomisk svært krevjande år. I budsjettet var det innarbeidd tiltak for 76 mill. kr. Tiltaka var frå konkrete avdelingsspesifikke tiltak til meir uspesifiserte ambisjonar. I tillegg vart situasjonen ytterlegare meir krevjande gjennom at lønnsoppgjeret vart dyrare enn forventa (5 mill. kr.) og netto gjestepasientutgiftene høgare enn budsjettert (netto kostnad 9 mill. kr.). Samla utgjorde dette eit behov for omstillingstiltak på 90 mill. kr.
Det har derfor vore naudsynt å ha ein kontinuerleg og gjennomgripande fokus på økonomien gjennom heile 2007. Gjennom året har den økonomiske situasjonen for føretaket sakte men sikkert forbetra seg. Den betra situasjonen er eit resultat av det omstillingsarbeidet som styret, leiing og den enkelte avdeling har makta å realisere gjennom året.
• Kvalitet
Helse Sunnmøre har høge krav og ambisjonar i høve kvalitet knytt til alle føretaket sine aktivitetar. Det blir arbeidd kontinuerleg med utvikling av dokumentasjon og rutinar gjennom felles elektronisk kvalitetssystem. Kvalitetsarbeidet er vidare organisert med overordna kvalitetsutval og underliggande avdelingsvise kvalitetsråd der målet er å formidle avvik og å oppnå læring eller etablere risikoreduserande rutinar.
Norsk pasientskadeerstatning (NPE) administrerer pasientskadesaker som ved visse høve medfører utbetaling av pasientskadeerstatning. NPE-saker blir sendt av pasienten eller pårørande direkte til Norsk pasientskadeerstatning enten på initiativ frå pasienten eller etter informasjon frå aktuell avdeling. Desse sakene tar ofte lang tid, frå eit halvt til fleire år, slik at dei utbetalingane som har skjedd i 2007 gjeld for ein stor del saker som er frå 2-4 år gamle. Føretaket har ikkje oversyn over kor mange saker som blir sendt inn kvart år. Det er også viktig å vere merksam på at all medisinsk behandling kan ha biverknadar som pasienten kan få erstatning for utan at dette skuldast feil eller kvalitetsbrist frå sjukehuset si side. Ein kan såleis ikkje utan vidare sjå heile erstatningsbeløpet som uttrykk for kvalitetsbrist. Avslutta pasientskadesaker gav i 2007 ein kostnad på om lag 11 millionar kroner for Helse Sunnmøre.
• Effektivitet
Verksemdene ved Helse Sunnmøre er tradisjonelt i hovudsak aktivitetsorienterte i større grad enn forskings- og utviklingsorienterte. Helse Sunnmøre har alltid hevda å drive effektivt. Berekningar gjort i samband med ny inntektsfordelingsmodell for Helse Midt-Norge stadfestar dette, og syner at Helse Sunnmøre driv med lavast kostnadsindeks av alle helseføretaka i regionen.
• Pasientopplæring
Helse Sunnmøre gjev ulike former for pasientopplæring gjennom aktiviteten ved føretaket, og som deltakarar i ulike former for samarbeid med primærhelsetenesta og med brukarorganisasjonar. Lærings- og meistringssenteret fungerer som bindeledd mellom partane for å betre pasientopplæringa.
• Brukarmedverknad
Brukarutvalet med sju medlemmar er sett saman med representasjon frå ulike brukarorganisasjonar og med deltaking av administrerande direktør. I tillegg har utvalet fast sekretær. Brukarutvalet har handsama 70 saker i løpet av 2007. Sakene har stor breidde frå å ta i mot informasjon til aktivt å gje innspel til pågåande prosessar i føretaket og i regionen.
• Forsking og utvikling
Det har vore god aktivitet innanfor forskings- og utviklingsarbeidet i 2007. FOU-aktiviteten blir rapportert både til HOD og til Helse Midt-Norge RHF. I Helse Sunnmøre var 14 personar registrerte i doktorgrad/PhD-program. I tillegg har 22 studentar arbeidd med mastergrad.
FoU-utvalet har gitt økonomisk støtte til 15 prosjekt, til saman om lag 1 284 000 kr. Av dette var om lag kr 200 000 gitt til psykisk helsevern. Det er no gode rapporteringsrutinar for framdrift og økonomi for dei ulike prosjekta. Regionalt forskingsutval for Helse Midt-Norge tildelte Helse Sunnmøre HF vel 510 000 kr av midlar etter artikkelproduksjon.
Det lokale samarbeidsorganet mellom høgskulane på Sunnmøre og Helse Sunnmøre har løyvd kr 500 000 til kvalitetsforbetrande tiltak knytt til praksisstudiar.
• Leiing
Helse Sunnmøre har ein flat organisasjonsmodell som med løpande mindre justeringar blir opplevd som ein god modell der ein raskt oppnår brei deltaking og omstilling. Det blir arbeidd kontinuerleg gjennom lokale og regionale forbetringstiltak som skal forenkle og betre føresetnaden for utøving av god leiing og rask omstilling i høve omgjevnadane.
• Psykisk helsevern
Psykisk helsevern er eit særskilt prioritert vekstområde for Helse Sunnmøre. Målet er at innbyggjarane på Sunnmøre skal få eit godt fagleg tilbod på line med resten av innbyggjarane i regionen. Gjennom ny finansieringsmodell blir Helse Sunnmøre styrka for å legge til rette for å nå dette målet. Helse Sunnmøre blir også styrka gjennom den nasjonale opptrappingsplanen for psykisk helsevern, men sidan tildeling av opptrappingsmidlar til både investering og drift tek utganspunkt i godkjende investeringsprosjekt har Helse Sunnmøre kome forholdsvis dårleg ut så langt i denne opptrappinga. Dette er og hovudårsaka til at delar av styrking til drift blir disponert til å dekkje avskriving og finanskostnadar på naudsynte nye areal som skal gjere den auka satsinga mogeleg.
• Samhandling med kommunane og primærhelsetenesta
Helse Sunnmøre har årleg samhandlingsmøter med administrativ og politisk leiing og relevant fagleg nivå. Føretaket gjennomfører og møter med primærlegane. Samarbeidet er vidare formalisert gjennom samarbeidsavtalar med alle kommunane. Avtalane blir årleg evaluert og endra etter drøftingar med kommunane.
FRAMLEIS DRIFT
I samsvar med Rekneskapslova sin § 3-3 vert det med dette stadfesta at føresetnadane for framleis drift er til stades og lagt til grunn ved avlegging av årsrekneskapen.
Framleis drift byggjer på føresetnadar om at det vil bli lagt til rette for ei løpande finansiering som kan forsvare kostnadsnivået ved føretaket sin aktivitet. Inntekta ved drifta må og forsvare verdireduksjon i realkapital og trongen for medisinsk fornying og utvikling. Gjennom Lov om Helseføretak er det vidare nedfelt at føretak ikkje kan gå konkurs (jf. § 5) og at eigar heftar uavgrensa for føretaket si verksemd (jf. § 7).
ARBEIDSMILJØ OG HMS
Helse Sunnmøre HF hadde gjennomsnittleg 2404 årsverk i 2007 mot 2424 i 2006. Nedgangen skuldast strategisk tiltak knytt til omlegging i drifta. Dette gjeld tiltak med mål om å gje pasientar eit godt kvalitativt tilbod på det lågaste effektive omsorgsnivå.
Sjukefråværet har tradisjonelt vore lågt ved våre verksemder. I 2007 som i 2006 utgjorde det samla sjukefraværet 8,5% ved Helse Sunnmøre HF. Sjukefråveret syner stor variasjon gjennom året, men med ein profil som liknar mykje på tidlegare år.
Føretaket har et eige arbeidsmiljøutval (AMU) med 12 medlemmar. Utvalet er felles for all verksemd under Helse Sunnmøre.
Arbeidsmiljøutvalet handsama i 2007 heile 138 saker gjennom 9 ordinære og 4 ekstraordinære møter. Viktige saker handsama i 2007 var mellom anna:
1. God Vakt - oppfølging av avvik frå arbeidstilsynet (kvart møte)
2. Meldte HMS-avvik (kvart møte)
3. Sjukefråværsutvikling (kvart møte)
4. Årleg melding 2007
5. Budsjett 2008 / Langtidsbudsjett 2009 - 2013
6. Psykiatriplan 2008 - 2010
7. HMS-investeringsbehov 2008
8. Ny finansieringsmodell Helse Midt-Norge
9. Utdeling av arbeidsmiljøpris for 2006
10. Utviklingsplan for Ålesund sjukehus
11. Handlingsplan etter arbeidsmiljøundersøkinga 2006
12. Styringsdokument 2007
Ved Helse Sunnmøre var det i 2007 63 tilfelle av blodsmitte/stikkuhell mot 67 tilfelle i 2006 og 80 i 2005. I tillegg til dette er flest avviksmeldingar knytt til truslar om vald (16) og utført vald mot tilsette (60). Omfanget av utført vald gjev grunn til uro.
Helse Sunnmøre si verksemd er i hovudsak prega av eit godt arbeidsmiljø og av personell som ønskjer å bidra til høgt kvalitativt nivå på tenester og utnytting av tildelte ressursar. Vi må likevel halde fram med utvikling og omstilling slik at arbeidsbelastninga blir fordelt mellom alle våre tilsette og våre medarbeidarar opplever å bli honorert for sin innsats og fleksibilitet. Styret og føretaksleiinga er merksame på at mange tilsette opplever arbeidstilhøva som krevjande. Det er difor ei stor utfordring å satse på førebyggjande tiltak samstundes med dagens utfordringar.
LIKESTILLING
Helse Sunnmøre ønskjer å praktisere likestilling mellom kjønn, alder, kulturell bakgrunn og fagleg profesjon. Vi ønskjer å gje rom for utvikling av alle medarbeidarar som vil ta aktivt del i utviklinga av Helse Sunnmøre.
Tradisjonelt er pleie- og omsorgsfaga dominert av kvinner. Dette set også sitt preg på den totale kjønnsfordelinga der 82% er kvinner og 18% er menn. Helse Sunnmøre ønskjer å legge til rette for ei mest mogleg jamn fordeling mellom kjønna i alle fag og organisasjonsnivå. I føretaket si leiing utgjer kvinnedelen 38% (11 av 29).
|
Tall pr 31.12.2007 |
Antall totalt |
Kvinner |
Menn |
|
|
Antall |
Prosent |
Antall |
Prosent |
|
Styret |
11 |
5 |
45% |
6 |
55% |
|
Brukarutval |
7 |
4 |
57% |
3 |
43% |
|
Føretakets leiing (inkl avdelings-/klinikkleiarar og liknande) |
29 |
11 |
38% |
18 |
62% |
|
Tilsette totalt faste/midl.tidig tils. |
2543 |
2080 |
82% |
463 |
18% |
|
Fast tilsette heiltid |
1241 |
858 |
69% |
383 |
31% |
|
Fast tilsette deltid |
1131 |
1069 |
95% |
62 |
5% |
|
Midlertidig tilsette (ekstrahjelp/vikarar) |
171 |
153 |
89% |
18 |
11% |
|
Legar (inkl turnuslegar) |
339 |
126 |
37% |
216 |
64% |
|
Sjukepleiarar/spesialsjukepleiarar |
945 |
863 |
91% |
82 |
9% |
|
Anna helsepersonell |
660 |
551 |
83% |
109 |
17% |
|
Adm. stillingar (stab, kontorpersonell mv) |
264 |
232 |
88% |
32 |
12% |
|
Øvrig personell |
181 |
151 |
83% |
30 |
17% |
|
Rekruttering / nytilsette i løpet av året |
112 |
94 |
84% |
18 |
16% |
|
Sjukefråvær |
8,50 % |
|
9% |
|
5% |
Vi konstaterer at talet på fast tilsette deltidsmedarbeidarar er svært dominert av kvinner også i høve den samla fordelinga mellom kvinner og menn. Helse Sunnmøre praktiserer fortrinnsrett for underrepresentert kjønn innan ulike typar stillingar.
YTRE MILJØ
Helse Sunnmøre HF har innført miljøleiing og er deltakar i regionalt samarbeid i samband med dette gjennom prosjektet ”Grøn stat”. I dette inngår særskilt rapportering knytt til dei fire områda: energi, innkjøp, avfall og transport. Dette er integrert som ein del av føretaket sitt vanlege HMS-arbeid. Energiområdet har størst merksemd i Helse Sunnmøre, og samla energiforbruk syner i 2007 om lag same forbruket som i 2006.
Innkjøpsområdet si merksemd knytt til miljø kan samanfattast slik:
- produkt som er merka med miljømerke som Svanen o.a. blir vurdert som betre enn produkt utan slike miljømerke.
- det blir ved fleire kjøp sett krav om at leverandør er med i ordningar administrert av Materialretur.
- produktet sitt energiforbruk er eit eige delkriterium i fleire kjøp av teknisk utstyr.
- kjemiske produkt skal dokumenterast med produkt- og sikkerheitsdatablad.
Vektlegging av desse krava/kriteria vil variere avhengig av kva som skal kjøpast inn.
Helse Sunnmøre HF sine sjukehus i Volda og Ålesund produserer store mengder avfall og spesialavfall. Vanleg avfall blir teke hand om av kommunane sine avfallsoperatørar. Spesialavfall blir pakka og transportert til godkjende oppsamlings- og destruksjonsstadar for dei ulike typane av avfall. Gjennom Grøn stat prosjektet blir det no etablert betre rutinar for systematisk oversikt over ulike typar avfall. Målet er at dette vidare skal gje grunnlag for iverksetjing av tiltak.
Helse Sunnmøre HF sitt transportbruk er stort som følgje av avstanden mellom institusjonane. Det vert frakta varer og tenester til og frå verksemdene. Dei tilsette reiser til og frå jobb og på tenestereiser - det vert nytta bodtenester. Føretaket har eigen bilpark, pasientar blir transporterte og sjukehusa genererer besøkstrafikk.
Målet med å fokusere på transport er å:
• redusere transportbruken mest mogleg
• gå over til meir miljøvennleg transport (t.d. bil til buss)
Transportindikator for Grøn stat: Tal flyreiser pr videokonferanse - personar som har reist med fly i teneste i høve tal interne deltakarar på videokonferansar.
Årleg utvikling på denne indikatoren skal rapporterast til verksemda sitt fagdepartement.
Med utgangspunkt i både miljøomsyn og økonomi har Helse Sunnmøre arbeidd med følgjande målsetting:
Policy:
I Helse Sunnmøre HF skal det arbeidast for å redusere transportbruken mest mulig ved å gå over til meir miljøvennleg transport.
Hovudmål:
• Auka bruk av kollektivtransport for våre pasientar og tilsette
• Ha ei bevisst haldning til om fysiske møter er naudsynte med tanke på å redusere flyreiser til eit minimum
• Arbeide i regionen for auka bruk av telefonmøte og videokonferansar.
SÆRSKILT OM ÅRSREKNESKAPEN OG RESULTAT I 2007
Helse Sunnmøre HF hadde pr. 31.12.06 eit rekneskapsmessig underskot på 106.142.000,- kroner. I dette inngår endra føresetnadar for ytingsbaserte pensjonsordningar på kr 78.197.000,- som ikkje inngår i føretaket sitt resultatmål. Resultatkravet til Helse Sunnmøre HF var sett til -23.500.000,-. Mot budsjettmålet gjev dette eit avvik på -4.445.000,- kroner som er det beste resultatet til Helse Sunnmøre HF nokon gong.
• Driftsinntekter
Samla driftsinntekter er på 1 864 mill kroner. Dette er samla 36 millionar over budsjett. Av meirinntekta på 36 millionar i høve budsjett skuldast 19 millionar pasientrelaterte inntekter. Av desse skuldast 6 millionar DRG-produksjon hos private eller andre helseregionar.
Basisløyvingar og andre pasientrelaterte tilskot var 11 millionar over budsjett medan salsinntektene var 4 million betre enn budsjett.
• Driftskostnadar
Sum driftskostnadar er 1 955 millionar kroner og er dermed 118 millionar kroner over budsjett. Av dei 118 millionane er 23 millionar varekostnadar, 96 millionar er lønskostnadar. Av dei 96 millionane i lønnsavvik skuldast 18 millionar meirforbruk løn, medan 78 millionar skuldast endra føresetnadar for berekning av pensjonar. Ein har innsparingar på andre driftskostnadar på 2 millionar kroner.
• Driftsresultat og ordinært resultat (rekneskapslova)
Driftsresultatet for Helse Sunnmøre HF viser eit underskot på 90,7 millionar kroner etter avskrivingar. Netto finanspostar syner ein kostnad på 15,4 millionar kroner. Dette er i samsvar med budsjett.
Etter finanskostnadar har føretaket eit ordinært resultat på -106.142.000 kroner.
• Eigar sitt styringsmål/korrigert resultat
Ved fastsetting av resultatkravet for 2007 i Helse Midt-Norge RHF vart det lagt til grunn at dei enkelte føretaka skulle kunne gå med eit underskot tilsvarande differansen mellom eigne avskrivingar og avskrivingar ut frå HOD sine retningsliner. For Helse Sunnmøre HF sin del vart resultatkravet -23,5 millionar kroner.
I 2007 har Norsk regnskapsstiftelse vedtatt ein ny rettleiar for fastsetjing av økonomiske og demografiske føresetnadar ved utrekning av ytingsbaserte pensjonsordningar. Dei økonomiske føresetnadane har stor innverknad på dei årlege pensjonskostnadene, og implementering av rettleiaren vil føre til større svingingar og det blir vanskelegare å estimere dei årlege pensjonskostnadene.
Utrekningane av pensjonskostnader for 2007 for Helse Sunnmøre HF syner at dei nye berekningane gjev ein auke i pensjonskostnaden utover budsjett på 78,2 mill. kr. Endringane i pensjonskostnader vert halde utanfor når resultatet skal samanliknast med styringsmålet frå eigar.
Korrigert for auka pensjonskostnader viser resultatet eit avvik mot eigar sitt styringsmål på -4,4 million kroner. Dette er den beste resultatoppnåing for Helse Sunnmøre HF nokon gong.
• Kontantstraumanalyse
Kontantstraumen frå drifta var på 110 millionar kroner. Netto kontantstraum nytta til investeringsaktivitetar var -72 millionar kroner og netto kontantstraum til finansieringsaktivitetar var på -39 millionar kroner. Ved utgangen av 2007 var behaldninga av kontantar og kontantekvivalentar 42 millionar kroner. Dette var nøyaktig det same som situasjonen var ved inngangen av året.
Vi gjer likevel spesielt merksame på at denne oppretthaldinga av nivået på kontantbehaldninga skjer gjennom auke i kassakreditten på om lag 37 millionar kroner. Føretaket får framleis dekka til ei kvar tid gjeldande likviditetsbehov gjennom Helse Midt-Norge RHF sin samla driftskreditt. Ved utgangen av året var nytta drifskreditt på 311,8 millionar kroner.
• Finansiell stilling
Helse Sunnmøre HF har lagt bak seg eit økonomiske svært krevjande år. Den økonomiske situasjonen for føretaket har sakte, men sikkert betra seg gjennom året. Styret har gjennom månadleg rapportering motteke orientering om den finansielle stillinga for føretaket. Den betra situasjonen er eit resultat av det omstillingsarbeidet som styret, leiinga og den enkelte avdeling har makta å realisere gjennom året.
• Investeringar
Helse Sunnmøre har i 2007 vidareført og gjennomført ei rekkje tiltak som har ein investeringsmessig karakter. Innanfor bygg er nybygg for alderspsykiatrien i Ålesund den største enkeltinvesteringa. Bygget skal takast i bruk i april 2008. Det er også gjort fleire investeringar i eksisterande bygningsmasse. Samla utgjer investeringar i bygg om lag 40 millionar kroner.
Det er investert i medisinsk teknisk utstyr for til saman 23 millionar kroner. Delar av beløpet skuldast naudsynt utskifting av utstyr som føretaket prioriterte i 2006, men som ikkje er realisert same år grunna tidsbruk i innkjøpsprosessen og lange leveringstider. Føretaket har ved utgangen av 2007 eit stort etterslep på investeringar.
• Aktivitet
Tabellen under gjev eit oversyn over aktivitet i 2007 i høve 2006 og 2005.
Gjennomgåande har Helse Sunnmøre ein aukande aktivitet i høve tidlegare år.
| Nøkkeltal |
2007 |
2006 |
2005 |
| Tal senger/døgnplassar i drift pr. 31.12 |
532 |
544 |
541 |
| Tal liggedøgn |
153 588 |
159 542 |
161 012 |
| Tal utskrivne pasientar |
25 132 |
24 564 |
24 289 |
| Tal polikliniske behandlingar (somatikk) |
141 250 |
136 468 |
132 704 |
| Tal polikliniske behandlingar (psykisk helsevern) |
38 275 |
35 448 |
32 765 |
| Tal nytilvisingar (somatikk) * |
47 301 |
45 995 |
45 413 |
| Tal nytilvisingar (psykisk helsevern)* |
5 436 |
4 481 |
3 715 |
| Gjennomsnittlig ventetid (dagar) |
108 |
94 |
77 |
| Tal pasientar på venteliste |
9 371 |
7 470 |
6 942 |
| DRG-poeng totalt |
29 265 |
28 355 |
26 877 |
| DRG-poeng dagbehandling |
4 128 |
3 970 |
3 719 |
| DRG-indeks innlagte |
1,132 |
1,115 |
1,068 |
| Gjennomsnittleg tal på årsverk (**) |
2404 |
2424 |
|
| Driftskostnader (mill. kr) (***) |
1 955 |
1 827 |
1 627 |
| Resultat brutto (mill.kr) (***) |
-106 |
-104 |
-79 |
|
|
|
|
* Tala for nytilviste er henta frå føretaket sitt eige pasientsystem. Talet kan difor avvike frå data frå Norsk pasientregister som er korrigerte i høve gjeldande regelverk.
** Ikkje tilgjengelege data for 2005
*** Ingen av resultata er reduserte for inndekning frå strukturfond, korrigert for auka pensjonsforpliktingar eller eigars styringsmål (resultat i samsvar med rekneskapslova).
FRAMTIDSUTSIKTER
I 2007 har det på regionalt nivå vore arbeidd med ein ny modell for inntektsfordeling internt i regionen. Forslaget til ny modell vart vedteken av styret i Helse Midt-Norge RHF for bruk frå og med budsjettet 2008. Medan tidlegare fordelingsmodellar byggjer på prinsippa om å fordele midlar etter ein kombinasjon av ”sørgje for-prinsippet” og historisk kost, byggjer den nye modellen på ei finansiering av ynskt aktivitet, krav til kostnadsnivå og økonomisk resultat. I samband med innføring av ny inntektsfordelingsmodell er også fordelingsnøklane for særfinansieringane revidert.
Gjennom arbeidet med ny fordelingsmodell vart det gjort berekningar av kostnadsnivået hos dei enkelte føretaka i regionen. Ut frå desse berekningane kom det fram at Helse Sunnmøre var det mest kostnadseffektive føretaket. I rammene til budsjettet for 2008 er det lagt til grunn at Helse Sunnmøre skal ytterlegare forbetre sitt kostnadsnivå gjennom å oppnå eit overskot i drifta på 10 millionar kroner. Overskot i drifta for 2008 er etter styret sin oppfatning naudsynt for å møte auka kostnadar i samband med heilårsverknadar av tilbod innanfor alderspsykiatri og rehabilitering av pasientar innan for sikkerheitspsykiatri i 2009. Vidare må ein førebu seg på kostnadane knytt til ny barneavdeling.
I budsjettet for 2008 er det innarbeidd ein auke i aktiviteten i samsvar med ynskt aktivitet frå Helse Midt-Norge RHF. Aktivitetsauken er budsjettert med ein låg marginal kost (mellom 33 og 50%). I tillegg er det identifisert og konkretisert ytterlegare omstillingstiltak i organisasjonen. Styret for Helse Sunnmøre ser at budsjettutfordringane for å kome i balanse for 2008 er svært krevjande dersom alle funksjonar framleis skal ivaretakast innan dei ressursane som er stilt til rådvelde for føretaket.
Helse Sunnmøre har etablert system for oppfølging av tiltak og for identifisering av avvik knytt til tiltaka eller øvrige delar av drifta. Det er såleis ein føresetnad at nye tiltak skal erstatte tiltak som ikkje har hatt ønska verknad.
Helse Sunnmøre arbeider vidare med organisasjonstilpassing, effektiviserings- og omstillingstiltak med målsetting om å innfri resultatkravet og samstundes skape eit handlingsrom for vidare strategisk satsing. Styret har store forventningar til satsinga på betra pasientlogistikk. Ein har difor starta eit omfattande arbeid for å betre pasientflyten frå kommunehelsetenesta til sjukehus og utskriving. Prosjektet har fokus på kvalitet for pasientar og tilsette. Måla for prosjektet er:
• Betra kvalitet i pasientbehandlinga
• Reell brukarmedverknad
• Gode samhandlingar – internt og eksternt
• Klargjere helsepersonellets oppgåver og ansvar i alle ledd av behandlingsforløpet.
Styret er opptatt av at Helse Sunnmøre HF skal ha funksjonar i eit omfang og med eit fagleg nivå som svarar til den befolkninga føretaket skal tene, og ser det som særleg viktig med avklaring av kva føretaksovergripande oppgåver vi skal ha ansvar for. Styret vonar den framtidige oppgåvedelinga både økonomisk og fagleg legg til rette for eit behandlingsmessig tyngdepunkt også i denne delen av regionen.
Aktiviteten i Helse Sunnmøre HF byggjer på nøktern ressursbruk og stor merksemd retta mot kjerneverksemda. Omfanget av ytre krav om informasjon, innsyn, rapportering og systemløysingar er ei utfordring i høve føretaket si målsetting om små og effektive administrative ressursar.
Helse Sunnmøre har sjukehusverksemder i Volda og Ålesund. Avstanden mellom sjukehusa er omlag 60 kilometer og ein ferjetur på omlag 20 minutt. Nærleiken gjer no som før at samarbeidet går godt mellom verksemdene. Utfordringa er likevel at avstanden er litt for stor for å kunne utnytte ein felles personalressurs på ein kostnadseffektiv måte. Også dei mindre institusjonane har så langt på ulike måtar delteke i endrings- og utviklingsprosessar. Samstundes som det vert gjennomført omstilling er ein også audmjuk for særtrekk som pregar dei mindre institusjonane.
Trass i utfordringar på ulike nivå er vi overtydde om at Helse Sunnmøre skal kunne ta del i forbetringane som eigar og befolkninga krev.
Styret er vidare svært godt nøgd med innsatsen frå dei tilsette i 2007. Vi er overtydde om at nøgde medarbeidarar i Helse Sunnmøre er ein naudsynt føresetnad for å nå føretaket sine mål. Vegval som blir gjort i framtida må difor i størst mogleg grad skje i samarbeid og forståing med dei tilsette. Føretaksleiinga og tilsette har felles mål og god dialog om kva som er naudsynt for å nå målet.
Krav til effektivisering og økonomisk innsparing blir dels nytta som grunngjeving for høgt sjukefråvær og høg arbeidsbelastning. Dette er truleg delvis rett, men både leiing og tilsette må rette fokuset på å etablere godt arbeidsmiljø og trivsel. Den viktigaste føresetnaden for å nå føretaket sine mål er difor at vi kan skape ein kultur der vi kan trivast samstundes som vi arbeider for ei betre arbeidsfordeling og ei rett bemanning i høve omfanget av oppgåvene.
ÅRSRESULTAT OG DISPONERINGAR
Styret tilrår følgjande disposisjonar i samband med årsoppgjeret for Helse Sunnmøre HF:
| Samla underskot: |
kr 106.142.393,- |
| Overført frå annan eigenkapital/udekka tap |
kr 99.619.164,- |
| Dekkjast mot strukturfond: |
kr 6.523.229,- |
Ålesund 12. mars 2008
|
Elbjørg Gui Standal styreleiar |
Marthe Styve Holte nestleiar |
| Tom W. Christiansen |
Rigmor Andersen Eide |
| Stig Elling Hofseth |
Asbjørn Hofsli |
| Petter Bjørdal |
Jorunn Sandvik |
| Charles Austnes |
Hilde Furnes Johannesen |
| Sigbjørn Lid |
Astrid Eidsvik adm. direktør |