Vi ønskjer deg velkomen til eit spennande og utfordrande miljø i Helse Sunnmøre. Helseføretaket er den største bedrifta i Møre og Romsdal, med ca. 2500 stillingar/årsverk, fordelt på om lag 3500 personar med ulike tilsettingsforhold. I dette talet inngår til ei kvar tid om lag 200 vikarar. Vi kan tilby eit eineståande miljø i ei kunnskapsbedrift der utfordringane står i kø. Helse Sunnmøre har tilbod innan dei fleste medisinske spesialitetar.
Hovudoppgåvene er pasientbehandling, pasientopplæring, forsking og undervisning. Helse Sunnmøre HF er organisert under Helse Midt-Norge RHF.
Helse Sunnmøre dekkjer primært etterspurnaden etter spesialisthelsetenester for dei om lag 130.000 innbyggjarane i dei 17 sunnmørskommunane. Føretaket disponerer ressursar på om lag 2,4 milliardar kroner.
Verksemda er fordelt mellom Ålesund sjukehus, Volda sjukehus og fleire mindre institusjonar. Helseføretaket har 29 avdelingar, og yter tenester både innan psykiatri og somatikk.
Sunnmøre har ein fantastisk natur med vakre fjordar og flotte fjell. I tillegg kan sunnmøringane tilby eit rikt kulturliv i både bygd og by. Ålesund er ein av dei vakraste byane i Norge der han ligg som ei plattform mot havet.
I tillegg til det faglege miljøet hos spesialisthelsetenesta på Sunnmøre, kan vi vise til eit aktivt høgskulemiljø i både Volda og Ålesund. Volda er ei av dei største bygdene på Sunnmøre med mange flotte naturperler. Ørsta kommune grensar til Volda, og det er berre ei mil mellom dei to sentra. Ørsta er den største landkommunen i Møre og Romsdal. Kommunen er kjend for lakseelvane og dei majestetiske fjella
Velferdstilbod Ålesund
Sjukehuset ligg 25 km frå flyplassen på Vigra. Kyrkje, symjehall, kino, bowling, treningssenter, trimløyper, golfbane, restaurantar og større butikksenter ligg i gangavstand frå sjukehuset. Det er også båthamner, turheis og slalåmbakkar i nærmiljøet. Avstanden til Ålesund sentrum er 9 km, og det er bussavgang kvart 15. minutt.
Velferdstilbod Volda
I tillegg er Volda kjenneteikna av eit rikt kulturliv. Bygda har også ei stor mengd studentar som går på Høgskulen der. Naturen i området er typisk vestlandsk, med djupe fjordar og kvasse tindar.
Avstanden til Volda sentrum er 1,8 km, og 6,3 km til flyplassen i Hovdebygda, der rutetilbodet har vorte stadig betre. Det er båthamner, turheis og slalåmbakkar i nærmiljøet. Nabokommunen Ørsta er den største landkommunen i Møre og Romsdal.
Til toppen